Tjukk røyk og mange skadde skapte utfordringar for nødetatane. Sjå bileta frå øvinga her.

07. desember 2018, kl. 21:57

ØVING: Tjukk røyk og mange skadde ungdommar gjorde at både brannvesen, politi og ambulanse hadde hendene fulle då Redningssentralen og Vegvesenet arrangerte tunnelbrann-øving på torsdag. – Brannen vart sløkt og 13 pasientar fekk hjelpa dei trengde i løpet av ein time. Det er eg nøgd med, seier øvingsleiar Øivind Helle.