Stor diesellekkasje i hamnebassenget i Florø

LENSER: Kor lang tid det vil ta å samle all dieselen er uvisst, ifølge politiførstebetent Kjell Magne Barsnes.

LENSER: Kor lang tid det vil ta å samle all dieselen er uvisst, ifølge politiførstebetent Kjell Magne Barsnes. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

FLORA: Brannvesen og politi rykte natt til måndag ut til hamnebassenget i Florø.

DEL

Omtrent klokka 00.30 fekk politiet melding om at det var ein diesellekkasje i hamnebassenget i Florø, utforbi Meirikaia og Haffen.

Dag Olav Sætre hos politiets operasjonssentral seier det er snakk om ein stor lekkasje.

– Brannvesenet sende ein bil for å sjekke dette i natt, då dei såg kor stor lekkasjen var rykte politiet også ut, seier Sætre.

DIESELLEKKASJE: I hamnebassenget i Florø er det meldt om ein stor diesellekkasje. Brannvesenet er på staden i morgontimane.

DIESELLEKKASJE: I hamnebassenget i Florø er det meldt om ein stor diesellekkasje. Brannvesenet er på staden i morgontimane. Foto:

Veit ikkje kva som er hendt

Brannvesenet jobba i natt med å legge ut lenser for å samle dieselen som flaut i overflata.

– Saka vil bli etterforska av politiet, men det er førebels uvisst kvar lekkasjen kjem frå, seier Sætre.

Oddbjørn Aune ved Alarmsentralen fortel at brannvesen vil reise ut att til hamnekaia i morgontimane måndag.

– I natt var det vanskeleg å sjå kor dette kan ha kome ifrå. No vil brannvesenet reise ut att for å prøve å finne ut av dette, seier Aune.

Stor lekkasje

Det er meldt om at dette er ein stor lekkasje, men kor stor veit ein ikkje enno.

– Eg har ingen opplysningar om kor mange liter det kan vere snakk om, seier Aune.

Politiførstebetent i Florø, Kjell Magne Barsnes, seier det er vanskeleg å svare på kor mykje diesel som har leke ut.

– Det er så tyntflytande og spreier seg raskt. Vi har hatt kontakt med eit lakseslakteri i nærleiken, dei hadde ikkje funne diesel i merdane sine enno, men det kan tenkast at det kjem noko i løpet av dei neste dagane, seier Barsnes.

Brannvesenet har ei utfordring med å samle opp det som er inne i hamna. Kor lang tid dette vil ta, er også uvisst.

Ser på overvakingskamera

No vil dieselfylleanlegga i området bli undersøkt.

– Utsleppet står fram som akutt og omfattande. Ein teori er at det kan vere snakk om overfylling, altså at nokon har fylt over tanken på båten sin. Det kan og vere lekkasje frå eit anlegg på land, det sjekkar vi no. Vi antek at dette ikkje er gjort med hensikt, seier Barsnes.

– Lars Ove Nygård hos brannvesenet har vore i møte med hamna i dag. Dei er i gong med å sjå over kameraovervakinga for å sjå kva båtar av ein viss størrelse som har vore innom hamna i natt, avsluttar Barsnes.

Artikkeltags