Skogbrann nær busetnad i Holvika

Artikkelen er over 1 år gammel

POLITI: Brannmannskapet har kontroll på brannen, melder Vest politidistrikt.

DEL

Klokka 16. 45 fekk politiet melding om ein skogbrann like ved busetnad i Holvika i Vågsøy.

– Brannhelikopter er rekvirert, men det ser ut til at brannmannskapet er begynt å få kontroll på brannen, fortel operasjonsleiar Morten Rebnord i Vest politidistrikt.

Det skal ikkje vere fare for spreiing til hus i nærleiken. Politiet dirigerer også trafikken forbi brannstaden. 

Ifølgje Fjordenes Tidende brann det i same område på søndag. Då vart kring 150 mål skog svidd av. Brannvesenet vil vakte brannområdet utover kvelden.

– Helikopteret er på plass og skal dynke skogsområdet. Brannmannskapet har fått dempa mykje, men målingar i bakken viser at det er høge temperaturar, seier Frode Eide på Alarmsentralen.

Kor stort område som har brunne torsdag er ukjent. Ein veit heller ikkje kva som er årsaka til brannen. Det er også vind i området, opplyser Eide.

Tips Oss
MMS: FITIPS til 2005 EPOST: redaksjon@firda.no TLF: 57 83 33 33

Artikkeltags