Bil tok fyr like ved skytebane

Plutseleg tok det fyr under panseret på bilen.

DEL

Klokka 15.43 fekk Vest politidistrikt melding om brann i ein bil ved ei skytebane i Stigedalsvegen i Eid.

Bilen står sju til åtte meter frå bygning, men det skal ikkje vere fare for spreiing. Det var ingen i bilen då den plutseleg tok fyr, ifølge operasjonsleiar Per Algerøy i Vest politidistrikt.

– Det begynte å brenne under panseret. Det var opne flammar, seier han.

Bilen blei meldt sløkt klokka 16.06. Kvifor brannen oppstod, er for tidleg å seie. Det blir oppretta sak hos politiet.

Det var ammunisjon i bilen, men dette er tatt ut, melder politiet.

Tips Oss
MMS: FITIPS til 2005 EPOST: redaksjon@firda.no TLF: 57 83 33 33

Artikkeltags