Namnet på mannen som omkom i Balestrand er frigjeve

Artikkelen er over 1 år gammel

BREMANGER: Mannen vart meldt sakna av arbeidsgjevar då han ikkje møtte på jobb. Måndag i 19-tida vart han funnen død i ei fjellside i Balestrand.

DEL

Lensmann i Bremanger, Espen Gulliksen, opplyser at det var Svein-Kåre Aannevik (44) som vart funnen omkomen i Balestrand måndag.

Namnet er frigjeve i samråd med familien.

Aannevik jobba i Fjord1 på ferja mellom Dragsvik og Hella, og vart meldt sakna då han ikkje møtte på jobb måndag morgon.

Det vart sett i gong leiteaksjon etter mannen ved fjellet Vindreken, etter at dei fann bilen hans ved ein parkeringsplass ved stien.

Redningshelikopter frå Florø, Røde Kors, Norske redningshundar og politi deltok i leiteaksjonen. Litt over klokka 19.00 måndag stadfesta politiet at den sakna var funnen omkomen i fjellsida under Vindreken.

Lensmann Espen Gulliksen seier at det truleg dreier seg om ei fallulukke.

Aannevik budde i Kalvåg med sambuar og hadde eit born. Dei pårørande vert tekne hand om av kriseteamet i Bremanger kommune.

Artikkeltags