Politi og brannvesen er på veg til serpentinvegen mot Stegasteinen i Aurland, der ein bil står på vippen til å rase utfor vegen.

Det melder politiet i Vest politidistrikt på Twitter like før 16.30 måndag ettermiddag.

Alle personar skal ha komt seg ut av bilen, ifølgje politiet.

Situasjonen skal ha oppstått i møte mellom to bilar, der den eine bilen kom for langt ut til sida.

Bilen blir halden av personar på staden i påvente av at naudetatane kjem til staden.

Like før klokka fem har politiet fått rapportar frå patruljen på staden.

Dei fortel at hendinga ikkje har vore så dramatisk som tidlegare omtalt, og skal vidare ha kontroll på bilen i påvente av bilberging.