Ein bil har køyrt av vegen på fv. 53

Førar ser truleg lettare skadd, opplyser Vest politidistrikt.

DEL

Politiet fekk meldinga om ulukka klokka 22.52, som har skjedd på fv. 53 ved Midnes i Årdal.

Der var ein mann i 30-åra som var førar av bilen. Han var åleine i bilen då uhellet skjedde.


Glatt på vegen

– Det var glatt på egen, og førar skal ha fått skrens på bilen, seier operasjonsleiar Per Algrøy om årsaka til utforkøyringa.

Politi og ambulanse rykte ut, opplyste Vest politidistrikt klokka 23.05 fredag kveld.

– Det var nokre sår på handa, men elles var det ikkje noko personskade, seier Algrøy.


Opprettar sak

Det er ikkje mistanke om at førar har køyrt i påverka tilstand. Men politiet opprettar likevel sak.

Det var 80-sone på staden kor ulukka hende, og ifølgje operasjonsleiar skal mannen ha opplyst at han køyrde i 80 km/t.

– Bilen fekk store skader i fronten, og knust frontrute, forklarer Algrøy.


Artikkeltags