Kommunen må nedbemanne, tilsette kjenner seg uønskte av rådmannen

MÅ NEDBEMANNE: Rådmann i Florø, Knut Broberg, seier kommunen må spare, og at nedbemanning er ein viktig del av dette.

MÅ NEDBEMANNE: Rådmann i Florø, Knut Broberg, seier kommunen må spare, og at nedbemanning er ein viktig del av dette. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Rådmann Knut Broberg i Florø har sendt ut brev om innsparingar, der han mellom anna ber om at dei med full pensjonsopptening vurderer å gå av med pensjon frivilleg.

DEL

FIRDAPOSTEN: Det får lærar Ragnar Åmot, som jobbar ved Eikefjord barne- og ungdomsskule, til å kjenne seg uønskt, skriv NRK Sogn og Fjordane.

NRK fortel at rådmann Knut Broberg har sendt ut eit brev til alle rektorane i kommunen der han informerer om behovet for innsparing. Eitt av punkta der han meiner det kan sparast, er at lærarar som har nådd ein alder og ei opptening der dei kan gå av med pensjon, blir oppmoda om å gjere det frivillig.

Til Firdaposten strekar rådmannen under at dette brevet har gått ut til alle kommunens leiarar i samband med prosessen som starta med budsjettvedtaket i fjor som inneheldt eit innsparingskrav på 24 mill. for 2019.

Nedbemanning

– Det gjekk tidleg opp for oss at mykje av dette innsparingskravet må gå gjennom nedbemanning, og difor har vi gått inn i samarbeid med alle fagorganisasjonane og laga eit omstillingsutval, opplyser Broberg, og legg til at det blei orientert om dette i siste formannskapsmøte.

Broberg forklarar at det går føre seg ei kartlegging av arbeidskrafta i Flora kommune.

– Dei tinga vi kartlegg er om det er folk som skal flytte, som ønskjer å gå ned i stilling eller gå av med pensjon. Dette gjer vi for å prøve å finne ut kva bevegelse det er i organisasjonen, for vi har ikkje ønskje om å seie opp fleire enn nødvendig. Det ligg det også krav om i arbeidsmiljølova, strekar han under.

Han seier at det å be tilsette som har fylt 67 år og har full pensjonsopptening om å vurdere berre å gå av med pensjon frivillig, berre er ein av tinga omstillingsutvalet vurderer.

– Det er viktig for meg å få fram at dette er eitt av fleire tiltak. Eg forstår at tilsette opplever ein slik nedbemanningsprosess som vanskeleg, men det er ikkje slik at vi ber alle som har fylt 60 om å slutte- innanfor helse har vi ikkje råd til å miste ein einaste! Men vi må vite om det er nokon som har tenkt, eller ønskjer, å slutte, sjølv om det ikkje er mange i denne aldersgruppa.

Tek det tungt

Ragnar Åmot seier han kjenner fleire som tek dette tungt. Åmodt får også støtte frå andre lærarar, og frå Kari Østerud, direktør ved Senter for seniorpolitikk, som meiner kommunen sin framgangsmåte er kritikkverdig.

– Kommunen gir eit tydeleg signal om at dei eldste ikkje er ønska i kommunen.

Broberg synest det er uheldig at Åmodt sit att med denne opplevinga.

– Eg kan ikkje ta den frå han, men den er ikkje rett og eg synest det er trist å høyre.

Artikkeltags