Meteorologen: – Dette blir ei skikkeleg fin påske

SEIN PÅSKE: Det er lite snø denne påska, men vêret er godt. Dette bildet er teke på Nordheia sist torsdag. Lenger inne i fylket er det langt meir snø, for dei som ønsker skipåske.

SEIN PÅSKE: Det er lite snø denne påska, men vêret er godt. Dette bildet er teke på Nordheia sist torsdag. Lenger inne i fylket er det langt meir snø, for dei som ønsker skipåske. Foto:

Måndag og tysdag blir fantastisk. Frå onsdag av kjem det nokre skyer, men truleg blir det færre av dei mot neste helg.

DEL

– Draumeveret varar i alle fall til og med tysdag. Det blir bra resten av påska også, men då må ein vere førebudd på litt meir skyer, seier meteorolog Martin Granerød.

Tekstvarselet for dei kommande to dagane er enkelt: Pent vêr.

– Dei beste dagane blir måndag og tysdag. Det er ikkje ei sky å sjå dei to neste dagane. Onsdag vil det bli meir skyer, og kanskje også nokre regndropar. Men også litt sol, seier Granerød.

Stigande temperaturar

Kva med temperaturane?

– I dag har det lagt mellom 10–12 grader i Førdeområdet, og eit par grader kjøligare heilt ute med kysten. Dette vil nok vere omtrent slik måndag og tysdag også. Når vi nærmar oss neste helg vil temperaturane truleg stige litt. Kanskje opp mot 14–15 grader, seier Granerød.

Varmast i Sogn og Fjordane søndag var Fjærland. Der var det 12,9 grader på det varmaste.

Totalt sett: Ei fin påske

– Det blir nokre skyer onsdag, torsdag og fredag spesielt, men sett under eitt så blir dette ei skikkeleg fin påske.

Sjølv om det framleis er litt langt fram, ser meteorologen fram mot neste helg.

– Det kan sjå ut som det blir litt mindre skyer og litt meir sol då. Litt usikkert enno, men det er lov å håpe, seier Granerød.

Artikkeltags