Ras på Gaularfjellet stogga påsketuristar. No er vegen open igjen

Folk på veg til påskefjellet vart stogga av snøras laurdag morgon.

DEL

Raset gjekk ved Nystølsvatnet, rett innanfor Utsikten på toppen av Gaularfjellet.

Det var folk på veg til påskefjellet som melde frå om raset.

Klokka 10.22 melde Statens vegvesen at vegen er rydda og opna igjen.

Ikkje stort, men vått

Vegen vart meld stengd frå klokka 08.55.

– Raset er ikkje så stort, men det er våt og tung snø, fekk Firda opplyst klokka 09.15 laurdag.

– Ein maskin passerte her for eit kvarter sidan for å rydde vegen, fortalde vegvaktar Olav Kåre Rendedal i Vetlefjorden til klokka 09.45.

Han reknar med at raset har gått om lag midt på Nystølsvatnet, og snømengdene i fjellet tilseier at det ikkje kan vere stort.

Det er først og fremst skifolk frå sognesida som måtte vente på at vegen opna. Oppover Eldalsdalen frå Sunnfjord er vegen open.

Stor påskeutfart

– Er det trygt å køyre over fjellet no?

– Vi meiner det er trygt, viss ikkje hadde vi stengt vegen permanent. Det kan kome ned litt våt snø, men neppe meir enn 3–4 kubikkmeter,  seier Rendedal, på veg opp på fjellet for å sjekke.

– Raset var cirka fem meter breitt og éin meter høgt, melde vegvaktaren i ei tekstmelding litt etter at vegen opna igjen.

Vegen over Gaularfjellet vart gjennombrøytt og opna til påske, fredag 12. april.

Det har vore stor utfart og eit par kilometer med parkerte bilar på Sunnfjord-sida fleire dagar så langt i påska.

Artikkeltags