Mann (36) kan få historias strengaste dopingstraff

Foto:

La ned påstand om ni og eit halvt års fengsel på hovudmannen frå Sunnfjord i dopingsak.

DEL

Aktor har lagt ned påstand om ni og et halvt års fengsel for den antekne hovudmannen (36) i det som blir omtalt som noregshistorias største dopingsak.

To menn på 36 og 37 år frå Sunnfjord er tiltalt for å ha produsert, oppbevart og selt til saman rundt 100 kilo dopingpreparat, skriv NRK.

Ifølge aktor skal de to antekne hovudmennene frå 2011 til 2016 ha kontrollert nesten all omsetning av doping i Norge.

I Bergen tingrett tysdag bad statsadvokat Trond Høvik om fengsel i ni år og seks månader for 36-åringen og åtte års fengsel for 37-åringen.

Til no er seks og et halvt år i den såkalla Gilde-saka, der politiet i 2011 avslørte et dopingnettverk i ein aksjon som blei kalla Operasjon Gilde, den strengaste fengselsdommen idømd i ei slik sak.

Maksimumsstraffa for grov dopingforbryting er seks år, men fordi mennene også er tiltalt etter den såkalla mafiaparagrafen, kan straffa doblast.

Begge dei antekne hovudmennene nektar delvis straffskyld. Dei meiner omfanget er langt mindre enn kva aktor legg til grunn.

Til saman er sju menn tiltalt for å ha vore ein del av det største nettverket for produksjon og sal av dopingmiddel i Norge nokosinne. Politiet meiner dopingsal via internett har skaffa nettverket inntekter på rundt 30 millionar kroner.

Artikkeltags