Oppdaga hol i laksenot hos Flokenes Fiskefarm

RØMMING: Torsdag vart det oppdaga lakserømming ved Flokenes Fiskefarm sitt anlegg i Dyvika.

RØMMING: Torsdag vart det oppdaga lakserømming ved Flokenes Fiskefarm sitt anlegg i Dyvika. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

NÆRINGSLIV: Det stod 63.000 laks i nota, og oppdrettaren veit ikkje kor stort omfanget av rømminga er.

DEL

– Dette er første gongen at ei rømming skjer hos oss, og vi synest dette sjølvsagt er svært keisamt. Vi reknar med skaden på nota oppstod i samband med avlusing, fortel driftsleiar Magnar Terje Leknes til nettstaden kyst.no.

Torsdag avdekka Aquadykk hol i ei not tilhøyrande Flokenes Fiskefarm, på lokaliteten Dyvika, nær Vevring.

Leknes opplyser at det stod 63.000 laks i nota, med ei snittvekt på tre kilo. Kor stort omfanget av rømminga er, er enno ukjent.

Kan ha skjedd under avlusing

Brønnbåten RoServer var på lokaliteten onsdag og utførte avlusing.

Ein av teoriane til selskapet kring årsaka til rømminga er at nota kan ha sete seg fast i perlebandet etter avlusing. Selskapet vil no gjennomgå rutinane sine, for å finne ut om dei er gode nok.

Starta gjenfangst

Holet skal ha blitt tetta av dykkarar kort tid etter at det vart oppdaga. Det var forma som ein L, og var om lag 60 cm kvar veg.

Det vart også brukt ein ROV (undervassdrone) utanfor merden for å sjå etter rømd fisk. Då vart det ikkje sett fisk rundt anlegget.

– Det er starta gjenfangst og tre laks har gått i garna 24 timar etter dei var sett ut, fortel Leknes til nettstaden.

Fiskeridirektoratet kjem til anlegget på måndag, og då skal ein gjennomgå hendinga.

Artikkeltags