Har unngått krav om reinseanlegg sidan 1986

Illustrasjonsbilde

Illustrasjonsbilde Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

OPPDRETT: Firda Settefisk har fått eit halvt år på seg til å oppfylle kravet.

DEL

Settefiskanlegget i Arnafjord i Vik fekk løyve for første gong i 1986. Allereie den gongen var det sett krav om reinsing av avløpet før utslepp på djupt vatn. Dette har aldri komme på plass.

Anlegget har blitt handsama fleire gongar. I 2009 kom det søknad om å auke produksjonen frå 1 million settefisk til 210 tonn årleg biomasse, tilsvarande 2,5 millionar settefisk. Då vart krava til reinsing spesifiserte og det vart sett ein frist til gjennomføring innan 1. oktober 2012. Det vart også sett krav til å undersøke sjøen for ureining innan 1. oktober 2010.

Ustabil eigarskap

Ingenting av dette var gjennomført då selskapet gjekk konkurs i 2013. Anlegget hadde då hatt fleire eigarar, noko som er brukt som forklaring på at krava ikkje vart etterlevde. Utsleppsløyvet har likevel aldri vore trekt tilbake.

Etter konkursen har anlegget stått tomt, men vore eigd av Firda Settefisk Arnafjord AS. I utgreiinga til Fylkesmannen står det at «utbetringar som følge av krav frå fleire myndigheiter har stått på vent, mens ein venta på ei endeleg avgjerd om framtida til anlegget.»

No vil Firda Settefisk bruke anlegget til 1 million lakseyngel. Fisken skal flyttast frå ein lokaliteten i Alvøen, slik at denne lokaliteten kan brukast til å produsere større smolt. Alternativet er ifølge selskapet at yngelen må destruerast. Selskapet har søkt dispensasjon for eit halv år, frå juli 2016 og ut året.

Tre for og tre mot

Fylkesmannen har gitt dispensasjon frå reinsekrava. Argument mot dispensasjon er at miljøtilstanden under anlegget ikkje er kjent, at det er uheldig å lempe på krav som andre må rette seg etter, og at løyvekrava har vore kjende i lang tid. Fylkesmannen peikar på at installering av reiseanlegg kunne vore gjort parallelt med vurdering av om anlegget skulle settast i drift.

Argument for dispensasjon er at dispensasjonen vil redusere tida oppdrettsfisken står i sjøen, noko som reduserer miljøbelastinga. Det er også lagt vekt på at det er søkt om utsetting i eit halvt år, og ikkje fritak i heile produksjonsperioden. Det tredje argumentet for er at det blir lettare å få dokumentert og gjort noko med miljøsituasjonen dersom det blir vidare drift. Då kan dei vurdere samla verknad i fjorden og korleis utsleppspunkta skal arrangerast.

Det er no lagt ein stram framdriftsplan for å fylle krava. Miljørapporten må vere Fylkesmannen i hende i september. Om krava ikkje blir etterlevde kan det nyttast tvangsmulkt.

Artikkeltags