Lakselusdom til Høgsterett

Illustrasjonsfoto av lakselus.

Illustrasjonsfoto av lakselus. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

OPPDRETT: Eit oppdrettsselskap hadde 15 gongar så mange lakselus per fisk som tillate, og fekk ei bot på fem millionar kroner. No hamnar saka i Høgsterett.

DEL

Det var oppdrettsselskapet Nord Senja Laks AS som i oktober i fjor vart dømd til fem millionar kroner i bot, pluss inndraging av 400.000 kroner. I tillegg vart ein tidlegare dagleg leiar dømd til 6 månadar i fengsel, men verksemda vart ikkje dømd til rettigheitstap, melder NTB.

I mai stadfesta Hålogaland lagmannsrett dommen i tingretten, men Økokrim anka avgjerda med bakgrunn i storleiken på bota og på bakgrunn i avgjersla om ikkje å dømme selskapet til rettigheitstap.

No har Høgsteretts ankeutval gjeve Økokrim medhald i at straffeutmålinga skal prøvast for Høgsterett.

Saka handlar om at selskapet i 2012 hadde 15 gongar så mange lakselus per fisk som tillate, men dette blei halde skjult for Mattilsynet. Selskapet innrømte at det er gjort fleire feil i rapporteringa av lakselus, men meiner at to millionar kroner var ei passande straff.

Artikkeltags