Investerer stort i landbasert oppdrettsanlegg

Artikkelen er over 2 år gammel

OPPDRETT: Bulandet Miljøfisk AS skal bygge landbasert oppdrettsanlegg for laks og sjøaure.

DEL

Onsdag fekk Bulandet Miljøfisk AS tildelt fem landbaserte konsesjonar for laks og sjøaure i Askvoll kommune, melder selskapet i ei pressemelding.

Verksemda, som òg har fått utsleppsløyve med ei produksjonsramme på 5500 tonn per år, skal sprenge anlegget ned i fjell under havnivå.

Selskapet har utvikla ein metode der reint sjøvatn skal strøyme gjennom anlegget.

Ifølge pressemeldinga vil bygginga av anlegget starte opp så snart finansieringsplanen er på plass.

Sjølve utbygginga er i første omgang rekna å ta om lag 8 månader. Etter dette vil produksjonen i anlegget bli auka over tre år.

Fullt utbygd er det venta at anlegget vil ha skapt 8–10 arbeidsplassar i Bulandet.

– No skal vi invitere til informasjonsmøte i Bulandet. Vi gler oss til å dele nyheita og planane våre med alle som bur her ute, seier prosjektleiar Ola Sveen.

Artikkeltags