Sogn- og fjordingar er mest til å stole på

RETT PÅ KRONA: Folk i Sogn og Fjordane har færrast betalingsmerknadar. Arkivfoto.

RETT PÅ KRONA: Folk i Sogn og Fjordane har færrast betalingsmerknadar. Arkivfoto. Foto:

ØKONOMI: I alle fall når det gjeld å betale for seg. Innbyggjarane i Sogn og Fjordane er nemleg dei klart flinkaste betalarane i landet.

DEL

Inkassobyrået Lindorff lagar kvart år ein statistikk over kvar folk med betalingsmerknadar bur.

Dei har komme fram til at innbyggarane i Sogn og Fjordane er mest pliktoppfyllande når det gjeld å gjere opp for seg etter ein handel.

– I Hornindal kommune har berre 1,55 prosent av innbyggarane betalingsmerknader, medan Vik og Gloppen ikkje er langt bak. Totalt var det 3040 personar i Sogn og Fjordane som hadde betalingsmerknad, skriv Lindorff i ei pressemelding.

Åtte av ti kommunar på topplista ligg i Sogn og Fjordane. Sogn og Fjordane har også den lågaste summen på gjennomsnittleg krav per person med betalingsmerknad. Snittet for fylket er 113 800 kroner, ifølge pressemeldinga.

Merkelapp: Dårleg betalar

Betalingsmerknad kan du få dersom ein ikkje betaler inkassokrav etter fleire purringar, og inkassoselskapet går til rettslege skritt mot deg.

Har du merknad, betyr det at du er registrert som dårleg betalar, ifølge Forbrukarrådet. Du kan då få problem med til dømes å ta opp lån, teikne mobilabonnement og forsikring, eller tinge andre tenester som krev kredittsjekk.

Derimot skal merknaden slettast så snart du har gjort opp for deg, ifølge inkassolova.

Finnmark på botn

– Landets dårlegaste betalarar finn vi i Finnmark-kommunane Gamvik og Hasvik. Her har høvesvis 10,4 prosent og 9,8 prosent av innbyggarane betalingsmerknadar, skriv Lindorff i pressemeldinga.

På landsbasis hadde 255 000 personar betalingsmerknad ved utgangen av andre kvartal 2017. Det er 2,2 prosent fleire enn det siste året. I gjennomsnitt har 5,6 prosent av landets befolkning betalingsmerknad, skriv Lindorff.

Sjå statistikken for heile fylket:

KommunePersonar med likningPersonar med betalingsmerknadDel med betalingsmerknad
Hornindal968151,55 %
Vik2784572,05 %
Gloppen48911062,17 %
Fjaler3580782,18 %
Hyllestad1404322,28 %
Leikanger1916462,40 %
Sogndal72101792,48 %
Lærdal2303582,52 %
Aurland1850482,59 %
Gulen1985522,62 %
Solund720192,64 %
Balestrand1212322,64 %
Stryn66341762,65 %
Luster45951383,00 %
Jølster2381753,15 %
Gaular2379753,15 %
Eid53261683,15 %
Årdal46511493,20 %
Selje2314753,24 %
Askvoll2545833,26 %
Vågsøy51371823,54 %
Førde110224023,65 %
Bremanger32641263,86 %
Høyanger34561343,88 %
Naustdal2244893,97 %
Flora101474464,40 %

Artikkeltags