2,8 millionar ligg an til å få pengar tilbake på skatten

I snitt får nordmenn att 11.000 kroner, medan dei som får restskatt i snitt må betale tilbake 26.000 kroner.

I snitt får nordmenn att 11.000 kroner, medan dei som får restskatt i snitt må betale tilbake 26.000 kroner. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Ved midnatt natt til tysdag vart nærmare 4,8 millionar skattemeldingar lagt ut. Og dei fleste får pengar tilbake, mens berre to av ti får skattesmell.

DEL

Du kan merke deg ordet med ein gong – frå i år heiter det skattemelding og ikkje sjølvmelding etter ei lovendring frå nyttår.

– Cirka 2,8 millionar ligg an til å få pengar tilbake, mens om lag 740.000 ser ut til å få restskatt, seier skattedirektør Hans Christian Holte til NTB.

Det er ganske små endringar frå i fjor. Det gjeld også beløpa. Dei som får pengar igjen, får i snitt 11.000 kroner, mens cirka 26.000 kroner er gjennomsnittsbeløpet for dei som får restskatt.

Får tilbake 628 millionar til saman

I Sogn og Fjordane totalt har 60.160 personar 628 millionar kroner til gode på skatten. 15.020 sogningar og fjordingar skuldar derimot 275 millionar kroner til saman. I snitt må dei betale 18.308 kroner i restskatt.

7029 innbyggarar i Førde har 73 millionar kroner til gode, medan 1977 personar skuldar 47 millionar. I Flora har 6765 personar til gode 78 millionar, og 1788 skatteytarar skuldar 34,5 millionar kroner. Det skriv Skatteetaten i ei pressemelding.

I dag får 160.000 vestlendingar beskjed om at dei har betalt for lite skatt i 2016.

– Hovudårsaka til at ein del får baksmell og andre får pengar igjen, er endringar som skjer i livet til kvar enkelt. Endringane påverkar skatten etter at ein har fått antatt inntekt og berekna skatteprosent, seier skattedirektøren.

Sjekk opplysningane

Årets skattemelding inneheld fleire førehandsutfylte opplysningar enn nokon gong tidlegare. Opplysningane blir innrapporterte av arbeidsgjevarar, bankar, barnehagar og andre som leverer informasjon om inntekt, formue, gjeld og frådrag. Men det er framleis alfa og omega å sjekke at opplysningane stemmer.

– Jo fleire opplysningar vi får, desto betre kvalitet på innhaldet i skattemeldinga. Men sjølv om mykje er fylt ut, må du likevel sjekke at opplysningane stemmer. Skattemeldinga er førehandsutfylt, ikkje ferdigutfylt, understrekar Hans Christian Holte.

– Noko av det viktigaste du kan gjere er å sjekke at du har dei frådraga du har krav på. Det er ein del opplysningar vi ikkje har føresetnader for å kjenne til, påpeikar skattedirektøren.

1,2 millionar personar leverte skattemeldinga med endringar i 2016. Men det var rundt 400.000 som ikkje eingong opna dokumentet. Holte håper dette talet blir mindre i år.

– Det som typisk manglar, er eit eller anna frådrag som ein burde sett. Det kan også vere ekstrainntekter som ikkje er ført opp. Dette kan gi utslag i begge retningar, seier skattedirektøren.

Andre kan sende inn for deg

Dei fleste lønnstakarar og pensjonistar sjekkar, endrar og leverer skattemeldinga elektronisk. I år blir det sendt ut heile 4,8 millionar skattemeldingar, meir enn nokon gong før. Samtidig er det for første gong under éin million skattemeldingar som blir sende ut på papir.

– Tala bekreftar trenden vi har sett gjennom dei siste åra, at fleire og fleire føretrekkjer å bruke dei digitale løysingane våre, seier Holte.

Nytt i år er at privatpersonar kan delegere rettar til å endre og levere skattemeldinga til andre. Det betyr at eit familiemedlem eller ein rekneskapsførar no kan levere di personlege skattemelding på vegner av deg. Mens pensjon frå Danmark kom med i fjor, er også pensjon frå Sverige førehandsutfylt i skattemeldinga i år.

Skal du gjere endringar på skattemeldinga, har du frist til 30. april. Treng du ikkje gjere endringar, treng du ikkje å gjere nokon ting når du er privatperson. For bedrifter er det andre reglar. Dei aller fleste får skatteoppgjeret 21. juni. Dei neste puljane er 4. august og 25. oktober.

Problem med Altinn

Tysdag morgon opplevde enkelte problem med å logge seg inn på Altinn med BankID og BankID på mobil. Skatteetaten oppfordra folk som er nysgjerrige på om dei får baksmell eller restskatt til å prøve igjen seinare eller logge inn med ein annan elektronisk ID.

Meir informasjon, tips og råd om skattemeldinga finn ein på Skatteetatens nettsider.

Artikkeltags