Held styringsrenta uendra – men varslar rentehopp i mars

Av

ØKONOMI: I tråd med forventingane på førehand held Noregs Bank styringsrenta uendra på 0,75 prosent.

DEL

Neste rentehopp er varsla i mars.

Utsiktene og risikobildet tilseier ein gradvis oppgang i styringsrenta, slår Noregs Bank fast i ei pressemelding torsdag om renteavgjerda i hovudstyret.

– Veksten internasjonalt er litt svakare enn anslått, og det er framleis betydeleg uvisse om utviklinga framover. Her heime ser den økonomiske veksten og arbeidsmarknaden ut til å utvikle seg om lag som anslått, mens prisveksten har vore litt høgare enn venta, heiter det.

Sentralbanksjef Øystein Olsen slår fast at ny informasjon samla sett betyr at renteutsiktene for den næraste tida er lite endra sidan førre pengepolitiske rapport, som kom i desember.

Renta vart sett opp frå rekordlåge 0,5 til 0,75 prosent i september i fjor. Årsaka til at renta er på veg oppover, er god vekst i norsk økonomi.

Professor Steinar Holden ved Universitetet i Oslo sa på førehand at uendra rente no i januar verka som ein sikker prognose.

– Derimot er det varsla ein renteauke i mars, og vi må rekne med at han kjem som varsla, sa han til NTB.

Noregs Bank varsla i desember ein ny renteauke i mars. I tillegg ligg det truleg an til endå eit rentehopp mot slutten av året.

Artikkeltags