Har du slike setlar liggande? Snart går dei ut på dato

FOR GAMLE: Etter 18. oktober kan du ikkje lenger betale med dei gamle 50- og 500-kronesetlane.

FOR GAMLE: Etter 18. oktober kan du ikkje lenger betale med dei gamle 50- og 500-kronesetlane. Foto:

Frå 18. oktober kan ein ikkje lenger bruke dei gamle 50- og 500-kronersetlane.

DEL

Ifølge E24 var det per 16. september framleis 20,9 millionar av dei gamle setlane ute blant folk. Den samla verdien er 4,8 milliardar kroner.

Noregs Bank oppmodar folk til å bruke opp dei gamle 50- og 500-setlane eller sette dei inn på konto innan 18. oktober. Om du skulle bli for seint ute vil det vere mogleg å veksle setlane inn i minst ti år til.

Men då må du sende setlane til sentralbanken, eller møte opp ved eit av Noregs Bank sine depot, skriv avisa.

Den nye setelserien vart sett i sirkulasjon for første gong i mai 2017, då det kom ny 100- og 200-lappar. Den nye 50-kronersetelen har eit kjent motiv, nemleg frå Utvær fyr, medan redningsskøyta RS 14 «Stavanger» er motivet på den nye 500-setelen.

Før jul vil også ny 1000-kronersetel vere i omløp. Men om du har ein gammal versjon liggande er det ingen hast, for denne vil ikkje denne vere ugyldig før hausten 2020.

Artikkeltags