Nordea trur på sju rentehopp innan 2020

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Noregs Bank kjem til å sette opp styringsrenta heile sju gonger dei neste to åra, meiner Nordea Markets. Og det er gode nyheiter, understrekar analytikarane.

DEL

Rentehevinga frå rekordlåge 0,5 prosent til 0,75 prosent i Norges Banks neste rentemøte om to veker er så godt som hogd i stein. Deretter vil sentralbanken sette opp styringsrenta til saman seks gonger dei to neste åra, meiner storbanken.

Det inneber ei styringsrente på 2,25 prosent ved utgangen av 2020.

– Det er viktig å hugse kvifor Noregs Bank set opp renta. Renta går opp fordi det går bra i norsk økonomi. Som nasjon bør vi juble, seier sjeføkonom Kjetil Olsen i Nordea Markets.

Analytikarane i Skandinavias største bank meiner at alle piler peikar i rett retning for norsk økonomi. Oljekrisa er bak oss, bustadmarknaden har snudd, det er vekst i aktivitet og investeringar og arbeidsløysa vil falle med 1 prosentpoeng til 2,8 prosent i 2020.

Det vil også smitte over på lønnsoppgjera, meiner Nordea, som ser moglegheiter til ein lønnsvekst ein stad mellom 3,5 og 4 prosent i 2020.

– Det einaste som kan endre dette bildet er dersom EU og USA ikkje finn saman i handelspolitikken, skriv Olsen i Nordea-rapporten som vart lagt fram onsdag.

Artikkeltags