Lokalaviseigar med 467 millionar i overskot

I VEKST: I fjor auka Amedias aviser digitale abonnentar med 30 prosent til 212.000. Dette svarar til 40 prosent av konsernets 538.000 abonnentar.

I VEKST: I fjor auka Amedias aviser digitale abonnentar med 30 prosent til 212.000. Dette svarar til 40 prosent av konsernets 538.000 abonnentar. Foto:

Eigar av Firda, Nettavisen og 62 andre lokalaviser hadde solid vekst i 2018.

DEL

– Vi er stolte over å kunne presentere eit så sterkt resultat. Oppkjøpet av Nettavisen kombinert med solid vekst i lokalavisene har styrka Amedia vesentleg gjennom fjoråret, seier konsernsjef Are Stokstad i ei pressemelding.

I fjor auka Amedias aviser digitale abonnentar med 30 prosent til 212.000. Dette svarar til 40 prosent av konsernets 538.000 abonnentar. Opplagsinntektene vaks med fire prosent og passerte for første gang 1,5 milliardar. Samla når konsernets mediehus ut til 2,2 millionar lesarar i veka.

Konsernets digitale annonseinntekter auka med 40 prosent til 427 millionar, både som følge av kjøpet av Nettavisen og frå 11,1 prosent vekst i lokalavisene. Samtidig var fallet i papirannonseringa lågare enn tidlegare. I sum auka Amedias annonseinntekter med tre prosent.

Amedias samla inntekter auka med 37 millionar til 3.570 millionar i 2018.

 – Våre 2.000 tilsette har jobba hardt for å oppnå desse gode resultata. Samtidig har vi gjort store investeringar i godt innhald og betre annonseprodukta, seier Stokstad.

Amedia (mill. kr) 20182017
Driftsinntekter3 5703 533
EBITDA467476
EBIT390396
Resultat før skatt396420
EBITDA-margin13,10 %13,50 %
   
EBITDA (mill. kr) 20182017
Lokale medium Norge494483
Trykk Russland2735
Anna verksemd-54-42
EBITDA467476

Artikkeltags