Slik hjelper du hunden på nyttårsaftan

KVILE: Hundar må ha tilbang til ein plass å gøyme seg på under nyttårsaftan. Dyreeigarane må også ta omsyn til at dyra må få nok kvile i ferien. Arkivfoto  av hunden Pinza Vloc I Feel you på Hundeutstilling i Nausdalshalle, Førde brukshundklubb.

KVILE: Hundar må ha tilbang til ein plass å gøyme seg på under nyttårsaftan. Dyreeigarane må også ta omsyn til at dyra må få nok kvile i ferien. Arkivfoto av hunden Pinza Vloc I Feel you på Hundeutstilling i Nausdalshalle, Førde brukshundklubb. Foto:

Rakettar og smell kan gjere mange hundar livredde, men du kan faktisk gjere kvelden enklare for hunden din.

DEL

– Nyttårsaftan er svært belastande for mange hundar fordi de er redde for høge lydar. Ein skotredd hund må ikkje vere åleine på nyttårskvelden, og hunden må verte skjerma for dei høge lydane, seier Maria Været Veggeland i seksjon dyrevelferd i Mattilsynet i ei pressemelding.

Ho rår også dyreeigarane til å gje dyra mat dei er van med også i jula, så dei ikkje får problem med fordøyelsen.

Ifølge Mattilsynet kan det også vere lurt å venje hunden til fyrverkeri frå den er kvalp. Dette kan ein gjere ved å spele fyrverkerilyd frå ei lydfil, eller å gå på tur forbi skytebana for å venje hunden til skarpe lydar.

– Ver merksam på at det ikkje berre er å utsetje kvalpen for skot og smell. Treninga må vere planlagd, elles risikerer du å gjere kvalpen skotredd med treninga seier Veggeland.

Mattilsynet fremjar desse råda for å hjelpe dyreeigarar til å gjere nyttårsaftan til ein betre kveld for dyra:

Gode råd til hundeeigarar

  • Ikkje lat hunden vere åleine heime viss den er redd for høge lydar eller fyrverkeri. Det kan forsterke einsemd og frykt. Dersom du må reise vekk, bør du ta med hunden.
  • Pass på at hunden (og katten) ikkje kjem seg ut og stikk av garde. Kvart år stikk redde dyr av, og utløyser leiteaksjonar.
  • Ikkje ta med deg hunden ut for å sjå på rakettar.
  • Dersom hunden ønskjer å gøyme seg, kan det vere lurt å late den få lov til det.
  • Ver saman med hunden, finn eit rom kor det er minst mogleg lysblink og lydar. Viss du har ei kjellarstove kan dette vere ein grei plass.
  • Ta gjerne med hunden til ein stad kor det ikkje er så mykje fyrverkeri, til dømes på hyttetur, dersom du har høve til det.
  • Prøv å avleie merksemda til hunden. Lyd frå radioen kan fungere «normaliserande» for nokre hundar, medan andre vert stressa av dette. Rakettlydane overdøyver uansett radioen. Prøv deg fram.
  • Ikkje forsterk hunden si frykt ved å trøyste og vise bekymring. Lat som ingenting. Aktiviser hunden med innandørs lek, så får den noko anna å vere oppteken av.
  • Gå ein lang tur på ettermiddagen, så er hunden sliten når kvelden kjem.
  • Gje gjerne hunden mat litt sein, ein mett hund fell lettare til ro.
  • Kontakt veterinær om hunden er verkeleg redd for fyrverkeriet. Det finst alternative løysingar som kan dempe angsten. Men ikkje «sjølvmedisner hunden» med legemiddel som er gjeve til eit anna dyr eller i anna samanheng. Gje for all del ikkje menneskemedisin til hunden! Det er berre veterinærar som kan skrive ut medisinar til dyr, og feil bruk av medisin kan forverre situasjonen og vere farleg for hunden.
  • Viss lyder og smell er eit stort problem, bør du søkje råd hjå veterinær eller åtferdsterapeut. Det må gjerast i god tid før neste nyttårsaftan.
  • Kjelde: Mattilsynet


Artikkeltags