Rykte ut til brann i tomannsbustad i Førde

RYKTE UT: Brannvesenet var inne i huset med røykdykkarar klokka 23.27. No luftar dei ut huset etter røykutviklinga.

RYKTE UT: Brannvesenet var inne i huset med røykdykkarar klokka 23.27. No luftar dei ut huset etter røykutviklinga. Foto:

FØRDE: Kom heim til røykfylt bustad.

DEL

Klokka 23.14 fredag kveld fekk politiet melding om røykutvikling i ein tomannsbustad i Granlia i Førde.

– Brannvesenet er på staden. Det skal ikkje ha vore folk i huset. Dei skal ha komme heim og oppdaga røyken. Brannvesen har vore inne, det skal ha vore flammar, men det er sløkt og dei held på med utlufting, seier Bjarte Rebnord ved politiets operasjonssentral klokka 23.40.

Brannvesen, politi og ambulanse rykte ut.

Held vakt

Klokka 23.27 var røykdykkarane frå Førde brannvesen i aksjon på staden, opplyser Dan Inge Gjesdal, vaktleiar ved Alarmsentralen.

– Dei melder at dei har kontroll og driv ventilering. Det held dei fram med utover. Så skal ein kontrollere for varme, så det blir vakthald ei tid framover. Når det er blitt kaldt blir det frigitt til politiet for etterforsking, seier Gjesdal.

Han kan ikkje seie noko om årsaka til røykutviklinga.

– Brannvesenet fekk raskt kontroll, så vi reknar ikkje med så veldig store skader, men ved brann er det mykje røyk som vil øydelegge ein del. Ein må rekne med røykskadar, seier vaktleiaren.

Rykte ut med fullt mannskap

Joachim Malterud er innsatsleiar på staden.

– Vi rykte ut med fullt mannskap fordi husa står så tett i byggefeltet. Det var opne flammar, men brannmannskapet kom raskt på plass og fekk kjapt kontroll. Dermed blei det meste av jobben å avgrense skadene, seier Malterud til Firda sin journalist på plassen.

Leilegheita der brannen oppstod er del av ein tomannsbustad. Til saman bur det fire personar i dei to leilegheitene, men ingen kom til skade, ifølge Malterud.

– Det skal ikkje vere røykskader i naboleilegheita, men dei som bur i leilegheita der det brann kan ikkje bu der no.

TETTBYGD: Tomannsbustaden ligg i byggefeltet Granlia i Førde.

TETTBYGD: Tomannsbustaden ligg i byggefeltet Granlia i Førde. Foto:

Ifølge innsatsleiaren er det små brannskader på leilegheita.

– Dette blir etterforska som ei vanleg brannsak, avsluttar Malterud.

Det kriminaltekniske arbeidet i leilegheita startar på måndag, opplyser operasjonssentralen.

Artikkeltags