Går frå to til tre distriktssendingar

TRE: Frå januar blir det tre distriktssendingar på NRK. Her frå Vestlandsrevyen med Jan Børge Leirvik.

TRE: Frå januar blir det tre distriktssendingar på NRK. Her frå Vestlandsrevyen med Jan Børge Leirvik. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

SAMFUNN: På nyåret vert det fleire nyheiter og reportasjar frå distrikta på NRK1. Då kan du sjå Vestlandsrevyen også før Kveldsnytt.

DEL

– Litt fleire og kortare sendingar trur vi rett og slett er eit betre tilbod til publikum. NRK sine distriktskontor ønskjer å ha større fokus på fordjupande nyheitsjournalistikk på radio, TV og mobil og få fleire saker frå distrikta inn i dei nasjonale sendingane, seier distriktsredaktør Grethe Gynnild-Johnsen i ei pressemelding.

Dei tre regionale sendingane kjem rett før kvar nasjonale sending «i primetime». 18.45-sendinga vert gjort om til ei kortare nyheitssending slik at ein får ei oppdatering på fire minuttar før Dagsrevyen klokka 19. Dei fem minutta før Dagsrevyen 21 held fram – og frå 2018 får du også ei siste oppdatering klokka 22.55 like før Kveldsnytt.

Artikkeltags