Dyveke blir redaktør for NRK Vestland

VESTLAND: Dyveke Buanes blir distriktsredaktør i nye NRK Vestland. Terje Gilleshammer skal vere redaksjonssjef for det nye distriktskontoret.

VESTLAND: Dyveke Buanes blir distriktsredaktør i nye NRK Vestland. Terje Gilleshammer skal vere redaksjonssjef for det nye distriktskontoret. Foto:

Dyveke Buanes blir distriktsredaktør i nye NRK Vestland frå 1. januar. Det melder NRK i ei pressemelding.

DEL

Frå nyttår blir NRK Sogn og Fjordane og NRK Hordaland til NRK Vestland.

Dyveke Buanes har vore distriktsredaktør for NRK Hordaland sidan 2017. No tar ho over som distriktsredaktør for heile Vestland.

– Eg er stolt og glad over å få å leie det nye distriktskontoret og har stor tru på at vi kan få til noko veldig bra i fellesskap. Med meir samarbeid på tvers av dei gamle fylkesgrensene kan vi byggja sterke fagnettverk og oftare setje dagsorden med journalistikken vår, seier Buanes i pressemeldinga.

Terje Gilleshammer, som i dag er distriktsredaktør i Sogn og Fjordane, skal vere redaksjonssjef for fordjuping og samarbeid.

– Det er avgjerande at vi har miljø som kan levere kvalitetsjournalistikk også utanfor Oslo. Eg ser fram til å jobbe tett saman med dei flinke journalistane våre med å få fram fleire store prosjekt frå heile Vestland, seier Gilleshammer.

NRK endrar distriktskontorstrukturen i heile landet i lys av ny fylkesinndeling frå 1. januar. Redaksjonane i Førde, Bergen, Sogndal, Odda, Nordfjordeid og Stord blir vidareført som i dag.

Det skal vere ulike radiosendingar frå Førde og Bergen slik som i dag, men det blir samsending når det er naturleg, skriv NRK.

Vestlandsrevyen skal også halde fram som i dag, men hovudsendinga skal frå nyttår bli send rett etter Dagsrevyen klokka 19.45.

I løpet av januar blir det lokale nett-tilbodet samla på nrk.no/vestland.

Artikkeltags