NRK-streiken er over

STREIKEN OVER: Bildet syner NRK-tilsette som demonstrerer mot streikebryteri 18. mai i Oslo. Onsdag kom partane til semje, og streiken er no over.

STREIKEN OVER: Bildet syner NRK-tilsette som demonstrerer mot streikebryteri 18. mai i Oslo. Onsdag kom partane til semje, og streiken er no over. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

MEDIA: Dei NRK-tilsette går tilbake i arbeid frå midnatt.

DEL

– eg er nøgd med at det har blitt semje om ei løysing, og at streiken blant Norsk Journalistlags medlemmer i NRK no er over, seier administrerande direktør Anne-Kari Bratten i Arbeidsgiverforeningen Spekter i ei pressemelding.

Dei streikande medarbeidarane i NRK går tilbake til jobb frå midnatt.

– Løsninga er innanfor dei inntektspolitiske forutsetningane, og det er også semje om korleis kompetansespørsmål og vikaravlønning skal bli handtert, seier Bratten.

Avtalen omfattar blant anna at journalistane får eit generelt tillegg på 2,8 prosent per 1. juni, minimum kr 18.100, og at det blir sett av ein pott på 500 kroner per NJ-medlem til lokale forhandlingar. Løysinga omfattar også at tilkallingsvikarar lønnast på samme måte som fast tilsette, heiter det i pressemeldinga.

Artikkeltags