Halvparten av 18-44-åringene saknar ikkje NRK «i det heile tatt»

IKKJE SAKNA: Ei undersøking InFact har gjort for Medier24 , viser at 34 prosent ikkje saknar NRK «i det heile tatt» under streiken.

IKKJE SAKNA: Ei undersøking InFact har gjort for Medier24 , viser at 34 prosent ikkje saknar NRK «i det heile tatt» under streiken. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

SAMFUNN: Store delar av befolkninga seier dei ikkje saknar nyheiter og program frå dei streikande i NRK. Og ingen saknar NRK mindre enn Frp-veljarane.

DEL

Ei undersøking InFact har gjort for Medier24, viser at 34 prosent ikkje saknar NRK «i det heile tatt» under streiken. Samtidig seier 18 prosent at dei saknar NRKs tilbod «svært mykje».

Berre 9,7 prosent av dei som ville ha stemt Frp om det var stortingsval i morgon, saknar NRK «svært mykje». Samtidig seier 70,8 prosent av Frp-veljarane at dei ikkje har sakna NRK «i det heile tatt» under streiken.

– Frp er eit parti som tidlegare har gått til val på å oppheve lisensen, så det er ikkje så overraskande, seier fungerande mediedirektør Marius Lillelien i NRK.

Undersøkinga viser vidare at 50,6 prosent av 18-29-åringene og 47,1 prosent av 30-44-åringane ikkje har sakna NRKs program, nyheiter og andre tilbod «i det heile tatt».

Lillelien er ikkje overraska over at det er dei yngste mediebrukarane som saknar NRK minst.

– Dette er også dei gruppene der det er minst lojalitet til norske medium generelt, det er heilt i tråd med alle andre undersøkingar vi har sett tidlegare, seier han.

BI-professor Morten Kinander meiner tala er dramatiske.

– Det er verre for NRK enn det eg hadde trudd, seier han til Medier24.

Kinander gjekk nyleg ut i Aftenposten med påstanden om at streiken ville vise at folk klarte seg utan NRK.

Undersøkinga vart gjennomført av InFact 21. mai. Det vart gjort 1.012 telefonintervju i eit landsrepresentativt utval.

Artikkeltags