Så mykje må du betale i ny NRK-skatt

Frå nyttår 2020 må alle par som tenar over 350.000 i året kvar for seg, betale meir i NRK-skatt enn for dagens lisensordning.

DEL

Tidlegare denne veka vart det kjend at NRK-lisensen skal avviklast og erstattast av ny ordning. Regjeringa presentere i dag den nye ordninga, melder VG.

Representantar frå landets lokalaviser deltek i dag på landsmøte for Landslaget til Lokalaviser i Drammen.

Der legg Kultur- og likestillingsminister Trine Skei Grande (V) fram det siste i endringa om NRK-lisensen.

Slik vert fordelinga av medieskatt basert på inntekt:

Skrei Grande presiserte at rådet som skal fordele mediestøtta skal haldast på ein armlengdes avstand frå regjeringa.

Medieskatten vert fordelt på alle over 17 år, etter inntekt:

Inntekt inntil 150.000 kroner – 200 kroner

Inntekt mellom 150.000 og 200.000 kroner – 800 kroner

Inntekt mellom 200.000 kroner og 250.000 kroner – 1400 kroner

Inntekt mellom 250.000 kroner og 350.000 kroner – 1600 kroner

Inntekt frå 350.000 kroner og oppover – 1700 kroner

Det maksimale beløpet ein person må betale i NRK-skatt, er 1700 kroner melder regjeringa i ei stortingsmelding.

Dyrare med ny ordning

Den noverande NRK-lisensen er på 3039 kroner. Med den nye ordninga må par som kvar for seg tenar over 350.000 i året, betale 3400 kroner i medieskatt.

Skrei Grande meldte at mediestøtta skal fordelast gjennom eit råd med fire overordna mål:

1. Dekke geografiske kvite flekkar.

2. Dekke tematiske kvite flekkar.

3. Bidra til innovasjon og utvikling i bransjen.

4. Sikre at mediestøttesystemet i minst mogleg grad gjer insentiv til uheldige tilpassingar.

Artikkeltags