TV-lisensen blir avvikla frå nyttår – blir erstatta av ny finansieringsordning

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Dagens kringkastingsavgift blir erstatta med ei ny finansieringsordning frå nyttår. Dermed legg NRK ned lisensavdelinga.

DEL

Kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen opplyser i ei pressemelding at han er informert om dette av Kulturdepartementet.

– Det har lenge vore brei semje om at NRK treng ein meir framtidsretta og føreseieleg finansieringsmodell. Samtidig får dette konsekvensar for NRKs lisensavdeling. Det er sjølvsagt ein tung beskjed å få for medarbeidarane våre ved lisensavdelinga. Dette er folk som gjennom mange år har gjort ein viktig og god jobb for NRK, seier kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen.

Blir presentert fredag

Høgre, Frp, Venstre og KrF ønsker å fjerne dagens lisens for å gjere NRKs finansieringsmodell meir framtidsretta. Samtidig skal all mediestøtte samlast i éi ordning. Den nye finansieringsordninga blir presentert i mediemeldinga som kulturminister Trine Skei Grande (V) legg fram under Landslaget for lokalavisers (LFL) landsmøte 2019 i Drammen fredag.

Den nye fleirtalsregjeringa varsla i januar at dei ønsker ei mediestøtte som «er forutsigbar, ubyråkratisk og med størst mulig avstand til politiske myndigheter», Mediestøtteordninga skal førast vidare og moderniserast og momsfritak for nettaviser blir innført.

Tilsette informert

Regjeringa vil mellom anna jobbe for at NRK først og fremst skal vere eit ikkje-kommersielt allmennkringkastingstilbod som ikkje skal svekkje inntektene til kommersielle aktørar i kringkastingsmarknaden.

Moglegheita for alternative og reklamefinansierte allmennkringkastingstilbod skal òg haldast ved lag.

Dei tilsette på lisensavdelinga i Mo i Rana blir informerte om kva som kjem til å skje på eit allmøte torsdag.

Artikkeltags