Streik i NRK frå klokka 13

GÅTT FRÅ HUSET: Aleksander Åsnes og dei andre NRK-journalistane har forlete huset og gått i streik.

GÅTT FRÅ HUSET: Aleksander Åsnes og dei andre NRK-journalistane har forlete huset og gått i streik. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

KRINGKASTING: 1700 NRK-tilsette tatt ut i streik. Alle journalistane i NRK Sogn og Fjordane er gått ut døra.

DEL

Det var NRK.no som først omtala streiken

– Vi krev høgare grunnløn. Det er eit stort gap mellom NRK og store mediehus, seier Brit Jorunn Svanes, klubbleiar for NRK Sogn og Fjordane.

Det er brot i meklinga mellom Norsk Journalistlag og NRK/Spekter. 1700 medlemmar i Norsk Journalistlag (NJ) gjekk ut i streik frå klokka 13.01 denne tysdagen.

Alle 39 NJ-organiserte i NRK Sogn og Fjordane er tatt ut i streik, og har no forlete huset.

– I praksis betyr det at radiosendingane blir stille frå klokka 13.01. Nettsida vår vil også bli oppdatert i liten grad, seier distriktssjef Terje Gilleshammer i NRK Sogn og Fjordane.

Det blir berre Gilleshammer og nokre få på huset frå klokka 13.00 denne tysdagen og i dagane framover. Kor lenge det blir stille på radioen og laber aktivitet på nettsida NRK Sogn og Fjordane er umogleg å vite akkurat no, fortel Gilleshammer.

STREIKAR: Klubbleiar Brit Jorunn Svanes (framst) og dei andre streikande NRK-journalistane kjem til å ha streikevakt utanfor lokalet på kvardagar. I tillegg planlegger dei å vise seg i sentrum.

STREIKAR: Klubbleiar Brit Jorunn Svanes (framst) og dei andre streikande NRK-journalistane kjem til å ha streikevakt utanfor lokalet på kvardagar. I tillegg planlegger dei å vise seg i sentrum. Foto:

Vil ha lønsauke

Partane Norsk Journalistlag og arbeidsgivarorganisasjonen Spekter møttest måndag til mekling. Dei hadde frist til midnatt med å bli einige, men enda opp med å forhandle på overtid.

Like før klokka 12 tysdag føremiddag, blei det kjent at avstanden mellom partane var for stor.

Norsk Journalistlag NRK vil ha lønsauke for å minske lønsgapet mellom NRK og andre store mediehus. I tillegg krev dei likebehandling av tilkallingsvikarar og at NRK følger opp sine tilsette og sørger for oppdatert kompetanse.

– Vi vil ha i avtalen vår at NRK skal sikre alle som treng det rett kompetanse, i desse tider med stor utvikling. Mediebransjen endrar seg, og folk må ha sjansen til å henge med, seier klubbleiar Svanes i NRK Sogn og Fjordane.

– Beklageleg at dei rammar tilbodet

Spekter har så langt blitt einige med fem av seks forbund i lønsoppgjeret.

– Vi er nøgde med å ha oppnådd einigheit med LO i meklinga for NRK, slik at det no er einigheit med fem av seks forbund. Det er vanskeleg å forstå kvifor Norsk Journalistlag i NRK vel å gå til streik for eit høgare lønstillegg enn det resten av arbeidslivet har fått i dette oppgjeret, seier administrerande direktør Anne-Kari Bratten i ei pressemelding frå Spekter.

Ho er kritisk til avgjerda om å ta ut 1700 NRK-tilsette i streik.

– Det er beklageleg at Norsk Journalistlag vel å ramme tilbodet til publikum på TV, radio og nett med å streike. Alle ansvarlege partar i arbeidslivet er samde om at lønnsoppgjera skal gjennomførast i tråd med norma frå frontfaget, men dessverre deler ikkje Norsk Journalistlag denne oppfatninga, seier ho vidare i pressemeldinga.

12 år sidan sist streik

Sist det var streik i NRK var i 2006, som varte i åtte dagar for dei NJ-organiserte og 15 dagar for dei som var organiserte i LO-tilslutta organisasjonar.

Artikkeltags