90.000 risikerer tvangstrekk

LISENS: Har du ikkje betalt NRK-lisensen enno? Då kan du bli trekt i løn.

LISENS: Har du ikkje betalt NRK-lisensen enno? Då kan du bli trekt i løn. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

NRK: No hastar det med å betale TV-lisensen.

DEL

(Nettavisen:) Det er ei stund sidan NRK-lisensen har forfalle til betaling.

No er dei som ikkje har betalt avgifta oversendt til Statens innkrevjingssentral. Då er det inga bønn.

På vegner av NRK kan dei gjere trekk i lønn eller trygd eller anna utlegg, til dømes utlegg i ein bankkonto.

Marginal auke

Opplysningar Nettavisen har henta inn frå NRK Lisensavdelinga viser at det er 90.256 krav som Statens innkrevjingssentral må løyse.

Til samanlikning var det for same termin i 2017 88.900 saker.

– Det er ei marginal auke tal krav, men det må også leggast til grunn at tal lisensar har auka med rundt 5000 på same tidsrom, skriv seksjonsleiar Robin Grønvold i NRK Lisensavdelinga i ein e-post til Nettavisen.

Har ikkje mange val

Fristen for å betale for 1. termin var 31. januar. Lisensane som ikkje er betalt blei oversendt Statens innkrevjingssentral i midten av mai og fekk ei avgift på 1130 kroner.

– Vi har no sendt ut varsel om tvangstrekk til alle som ikkje har betalt, seier informasjonssjef Aleksander Millang i Statens innkrevjingssentral til Nettavisen.

Han fortel at det ikkje er mogleg få avdragsordning eller betalingsutsetting når TV-lisensen er overført til dei.

Førehandsvarselet har betalingsfrist 20. juni.

– Kva skjer dersom ein ikkje betalar dette varselet?

– Då vil vi sende ut eit varsel om tvangstrekk, og kan til slutt gjere trekk i løn eller trygd, seier han.

Artikkeltags