NRK-tilsette i streiketog

STREIKAR: – Vi håpar verkeleg vi blir møtt på krava, seier Brit Jorunn Svanes (ytst til venstre)

STREIKAR: – Vi håpar verkeleg vi blir møtt på krava, seier Brit Jorunn Svanes (ytst til venstre) Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

KRINGKASTING: 20 NRK-tilsette gjekk i streiketog i Førde sentrum. – Vi vil ikkje gå ut på dato

DEL

Onsdag gjekk om lag 20 av dei 39 streikande tilsette i NRK Sogn og Fjordane i tog i Førde sentrum.

– Vi håpar verkeleg vi blir møtt på krava. Vi ligg bak dei store mediehusa i løn. Vi krev at vi i alle fall ikkje får eit større lønsgap, seier Brit Jorunn Svanes, klubbleiar for NRK Sogn og Fjordane


Vil ikkje henge etter

Dei vil i tillegg sikre like rettar for fast tilsette og tilkallingsvikarar, og at leiinga sørger for at dei tilsette har oppdatert kompetanse og heng med i den teknologiske utviklinga.

– Vi vil ikkje gå ut på dato, seier ho.

– Vi satsar på å vise oss fram i neste veke også. Dette er viktige krav, seier ho medan kollegaene hennar går rundt og deler ut karamellar og forklarer til forbipasserande kvifor dei streikar.

Ho fortel at dei også har streikevaktar ved lokalkontora i Sogndal og Nordfjordeid.

Artikkeltags