Han vert ny distriktsredaktør i NRK Sogn og Fjordane

– Eg kjenner eit sterkt ansvar for dette distriktskontoret og den viktige rolla vi har, seier Terje Gilleshammer, som er NRK Sogn og Fjordane sin nye distriktsredaktør.

– Eg kjenner eit sterkt ansvar for dette distriktskontoret og den viktige rolla vi har, seier Terje Gilleshammer, som er NRK Sogn og Fjordane sin nye distriktsredaktør.

Artikkelen er over 3 år gammel

FØRDE: Terje Gilleshammer (38) frå Kjølsdalen i Eid kommune er tilsett som distriktsredaktør i NRK Sogn og Fjordane.

DEL

Gilleshammer har vore tilsett i NRK Sogn og Fjordane sidan desember 2004, han er utdanna i internasjonal marknadsføring frå Høgskulen i Ålesund, han har studert ved Bangkok University i Thailand, og arbeidd  for  lakseeksportøren Coast Seafood i Måløy, melder NRK i ei pressemelding.

Regionredaktør Kai Aage Pedersen seier han er svært glad for å få Gilleshammer med på laget i den nye leiargruppa i region vest.

– Terje har eit herleg engasjement, han er ein flott leiartype og han har stor tillit blant dei tilsette i NRK Sogn og Fjordane.  Eg er trygg på at han vil gi eit stort bidrag for å sikra publikum eit endå betre tilbod enn dei får i dag, seier Pedersen.

I NRK Sogn og Fjordane har Gilleshammer vore journalist, vaktsjef og prosjektleiar for barne-tv.

I to år har Gilleshammer har også vore faglærar for NRK Nynorsk mediesenter.

Terje Gilleshammer seier sjølv han er audmjuk men stolt over å få leie NRK Sogn og Fjordane vidare.

– Eg kjenner eit sterkt ansvar for dette distriktskontoret og den viktige rolla vi har. Eg kjenner ein kjærleik for Sogn og Fjordane og folket her, og ynskjer difor å vere med å utvikle NRK Sogn og Fjordane vidare.

Kai Aage Pedersen seier Gilleshammer både som journalist og vaktsjef har vore ein pådrivar for å løfte fram historier frå Sogn og Fjordane inn i riksflatene til NRK.

– Frå første dag i NRK gjekk han laus på dei store oppgåvene. Han laga lengre TV-dokumentarar og saker til Dagsrevyen som fekk eit stort publikum. No får han ansvaret for å sikra god journalistikk frå Sogn og Fjordane, til eit lokalt og nasjonalt publikum, på dei plattformene publikum vil ha innhaldet på, seier Pedersen.

Terje Gilleshammer går inn i stillinga som distriktsredaktør 1. september.

Artikkeltags