– Slit enno med å skjøne at det er sant

SORG: Slik ser resepsjonen ut på NRK-huset i Førde: Eit bilde av Eli Eikenæs Vengen (35) saman med ein minneprotokoll.

SORG: Slik ser resepsjonen ut på NRK-huset i Førde: Eit bilde av Eli Eikenæs Vengen (35) saman med ein minneprotokoll.

Artikkelen er over 3 år gammel

FØRDE: – Det har vore ei tung tid, seier konstituert distriktsredaktør Roy Raasholm Fauske.

DEL

Sist søndag døydde reporter og programleiar Eli Eikenæs Vengen (35) heilt uventa på Rikshospitalet i Oslo.

– Eg reagerte med sjokk og vantru. Det var ein heilt uverkeleg beskjed å få. Eg slit enno med å skjøne at det er sant.

Det seier konstituert distriktsredaktør Roy Raasholm Fauske i NRK Sogn og Fjordane. Han og det vesle redaksjonsmiljøet har no opplevd å miste sin tredje tilsette på tre år. 

I 2013 omkom NRK-profilen Birger Rune Meland (61) i ein husbrann. Og I november 2015 hamna tilsett Heidi Lise Bakke i ei uheldig bilulykke og miste livet i ein alder av 52 år.

– Ho brydde seg oppriktig

Distriktsredaktør Fauske fortel at heile redaksjonen no er sterkt prega av Vengen sitt tragiske dødsfall.

– Eli var ein person som engasjerte seg veldig sterkt i arbeidskollegaene sitt ve og vel. Ho tok seg av alle, stilte alltid opp og støtta andre. Ho hadde alltid gode ord, og det var verkeleg oppriktig. Ho brydde seg oppriktig om andre. Og ho var sprudlande utadvendt og var difor ein viktig miljøfaktor i redaksjonen.

Han fortel at arbeidskvardagen på NRK-huset ber sterkt preg av at stolen hennar no står tom.

– Det legg naturleg nok ein kraftig dempar på arbeidslyst, motivasjon og glede. Ein slit med å fokusere og konsentrere seg om arbeidsoppgåvene. Det er vanskeleg å jobbe under slike forhold, seier han.

Sterkare samhald

Det siste halvåret har også fleire av dei NRK-tilsette opplevd å miste nære familiemedlemmer. Tre har mista fedrane sine, ein har mista mor si, ein tidlegare tilsett har mista sonen sin, ei tidlegare tilsett har mista dottera si og to tilsette har mista bestemødrene sine.

Korleis har denne tida vore for dei tilsette?

– Det har vore ei tung tid, men samhaldet i redaksjonen har blitt endå sterkare. Vi er ein liten redaksjon, men har eit godt miljø og godt samhald. Det har gjort det lettare å takle sorga. Men det er klart at mange kjenner på dette i periodar. Det ligg og kvernar i bakhovudet heile tida, ein tenker på dei som er vekke og alt det fører med seg.

Men Fauske fortel at dei tilsette tar vare på kvarandre.

– Vi er flinke å backe kvarandre opp. Det er klima for at ein set seg ned og snakkar i lag, grin i lag og klemmer kvarandre. Det er det rom for.

Gravferd fredag

Eli Eikenæs Vengen arbeidde for tida ved NRK på Marienlyst, men skulle etter planen tilbake til NRK Sogn og Fjordane til hausten. Ho arbeidde også gjennom fleire år som journalist i Firda før ho begynte i NRK. 

Eli Eikenæs Vengen vert gravlagd frå Vereide kyrkje i Gloppen kommande fredag kl. 13.00.

Artikkeltags