NRK slår saman distriktskontor i samband med regionreforma

NRK omstrukturerer distriktsdivisjonen i samband med at regionreforma trer i kraft 1. januar 2020
Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

NRK omstrukturerer distriktsdivisjonen i samband med at regionreforma trer i kraft 1. januar 2020 Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix Foto:

Av

Når talet på norske fylke blir redusert til elleve, følgjer NRKs distriktskontor etter, opplyser direktør for NRKs distriktsdivisjon til Kommunal Rapport.

DEL

Når talet på norske fylke blir redusert til elleve, følger NRKs distriktskontor etter, opplyser direktør for NRKs distriktsdivisjon til Kommunal Rapport.

– Vi er midt i prosessen med dette no, både med omsyn til sendingar og namneendringar som ei følge av regionreforma, seier distriktsdirektør Marius Lillelien i NRK til avisa.

Han seier at distriktssendingane til NRK har tradisjon for å følge fylkesinndelingane, og at det derfor er openbert at NRK må vurdere endringar i både namn og sendestruktur når det kjem nye fylke.

Med regionreforma skal 19 fylke erstattast av elleve. Først ut var Sør- og Nord-Trøndelag som slo seg saman 1. januar 2018. Resten av endringane skal etter vedtaket tre i kraft 1. januar 2020.

Ifølge Lillelien vil ikkje NRKs struktur for distriktskontor følge reforma slavisk. Den nye strukturen skal vere klar i haust. Det er ikkje snakk om nedbemanning i samband med omstruktureringa.

Artikkeltags