Lyttarane vil halda på Sogn og Fjordane

SKAL HALDE FRAM: Sjølv om fylket blir lagt ned, skal det framleis lagast radio frå NRK sitt kontor i Førde. Frå venstre: Stian Sjursen Takle og Erlend Blaalid Oldeide.

SKAL HALDE FRAM: Sjølv om fylket blir lagt ned, skal det framleis lagast radio frå NRK sitt kontor i Førde. Frå venstre: Stian Sjursen Takle og Erlend Blaalid Oldeide. Foto:

Av

Frå nyttår slår distriktskontora i Hordaland og Sogn og Fjordane seg saman. Då blir det meir samsending, og dei lokale sendingane held fram med nye namn. Tilbakemeldinga frå lyttarane viser at dei vil halda på den geografiske tilknytinga.

DEL

Onsdag opna NRK opp for innspel frå lyttarane til kva dei lokale sendingane frå Bergen og Førde skal heite. Responsen var veldig god, fortel Linda Olin Reite.

– Telefonen byrja å ringa frå klokka sju då me annonserte det i morgonsendinga vår, og forslaga strøymde inn utover dagen via tekstmeldingar og kommentarar på Facebook, fortel Linda Olin Reite. Ho leiar arbeidsgruppa som skal foreslå nye namn på dei lokale sendingane i Hordaland og Sogn og Fjordane.

– Det kom mange forslag. Det er rørande å sjå at folk bryr seg og har eit engasjement for sendingane våre, seier ho.

Vil ha Sogn og Fjordane

Reite har starta arbeidet med å gå gjennom forslaga som har komme inn. Mange lyttarar meiner ein bør ta vare på Sogn og Fjordane-namnet når distriktskontora slår seg samen.

– Fleire tilbakemeldingar er av typen «me bur framleis i Sogn og Fjordane», fortel Reite, som legg til at den trenden ikkje er like sterk i Hordaland.

– Der er det fleire forslag som er knytt opp mot landsdel og natur, som «Vest» og «Fjord», seier ho.

ENDRING: Frå nyttår slår distriktskontora i Hordaland og Sogn og Fjordane seg saman. Då blir det meir samsending, og dei lokale sendingane held fram med nye namn.

ENDRING: Frå nyttår slår distriktskontora i Hordaland og Sogn og Fjordane seg saman. Då blir det meir samsending, og dei lokale sendingane held fram med nye namn. Foto:

NRK skal halde fram med eigne sendingar frå Førde og frå Bergen sjølv om Hordaland og Sogn og Fjordane slår seg saman til ei organisatorisk eining. Det blei peika på at lyttarane vil ha innhald som er nært, samstundes som dei høyrer meir om det som skjer i heile det nye fylket.

– På radio forventar lyttarane å få kjappe meldingar om alt frå lokale trafikkoppdateringar til ein kjapp stemningsrapport frå handballfestivalen på Stord. Difor er det gode argument for å bevare to sendingar slik vi har i dag, sa distriktsredaktør Dyveke Maiken Buanes i Hordaland då forslaget blei kjent.

Etterlyser kreativitet

I midten av oktober skal namne-arbeidsgruppa leggja fram forslag til kva lokalsendingane skal heita, og døra er ikkje lukka for dei som brenn inne med eit forslag.

– Me kjem ikkje til å ta ein ny runde i sendingane våre, men folk må berre senda inn forslag, seier Reite, som gjerne tar i mot fleire kreative forslag.

Forslag til namn på sendingane i Hordaland er til dømes God morgon vestlending, God morgon i Vest, Radioen frå Fjord og Fjell, Vestlandsfjord og Fjordanytt. I Hordaland vil mange også ha tilbake By- og bygdenytt som namn på bulletengen.

I Sogn og Fjordane er dei fleste forslaga knytte opp mot geografi og natur, som Vestlandsradioen, Fjordalangs, Radio fjord og fjell, Morgonfuglen og Middagsradioen, Radio Fjordane.

– Det er eit tydleg signal om at me skal halda fram med Sogn og Fjordane, men namnet treng ikkje vera knytt til geografi. Det kan like gjerne vera knytt til natur, språk, kjende personar og landemerke, seier Reite.

Dei tilsette i NRK skal også komma med innspel til namn, og det er leiargruppa i NRK Region Vest, som består av Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane, som skal avgjerda kva namna blir. Det skjer truleg i november.

Artikkeltags