Ein eller annan stad i landet sit ein mann som har vunne 89 millionar

Onsdag kveld vann ein nordmann 88 922 210 kroner i Vikinglotto.

DEL

Norsk tipping opplyser at vinnaren er norsk, og at det er ein mann.

Dei prøvde å få kontakt med han på telefon onsdag kveld. Utan å lykkast. Torsdag har dei også ringt fleire gonger. Men framleis tek ikkje mannen telefonen.

Mannen var den einaste som hadde 6+1 rette i Vikinglotto, og vann derfor heile førstepremiepotten.

Kva fylke mannen er frå, eller kor gammal han er vil ikkje Norsk Tipping seie noko om før dei har fått kontakt med han.

Rundt klokka 18.00 torsdag melde Norsk Tipping at dei ikkje kjem til å prøve å ringe fleire gonger i dag.

– Vi håpar at vinnaren sjølv tek kontakt med oss. Høyrer vi ikkje noko frå han i næraste framtid, vil vi prøve igjen, skriv Gro Synstad som er trekningsredaktør i Norsk Tipping i ei pressemelding.

Så visst du er mann, ser på telefonen din og oppdagar at nokon med telefonnummer 625 60 000 har prøvd å ringe deg, så ikkje nøl. Det er ikkje ein seljar som har prøvd å nå deg. Det er Norsk Tipping.

Artikkeltags