No kan ein få spelemidlar for etablering av via ferrata

KAN BLI FLEIRE: Klatreanlegg kan no søke om spelemidlar for å etablere via ferrata.

KAN BLI FLEIRE: Klatreanlegg kan no søke om spelemidlar for å etablere via ferrata. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Klatreanlegg kan få dekt opptil 700.000 kroner.

DEL

Ettersom Kulturdepartementet har oppdatert føresegna for spelemiddelordninga si, kan etablering av via ferrata-anlegg no få midlar frå spelemiddelordninga.

Firda hadde nyleg ei sak der kompetansemiljøet åtvarar mot å etablere via ferrata opp fjellet Hornelen. Les saka her.

Éin i fylket

I dag finst det berre éin via ferrata i Sogn og Fjordane, som ligg i Loen. «Klatresti med wire», som er den norske omsettinga av ordet, er fjellturar der fjellsidene blir utstyrte med faste sikringsmiddel som bøylar, stigar og bruer. Dette gjer at fjellet kan klatrast også for folk utan klatreerfaring.

– Den etablerte klatrestien i Loen er open for alle og har vore ein suksess sidan han opna. At vi no kan stø fleire slike anlegg er godt nytt. Dette er ein del av eit samla tilbod for naturbrukaren, noko den omfattande bruken av stien i Loen viser, seier fylkesdirektør for næring og kultur, Jan Heggheim, i ei pressemelding.

Han trur ikkje det blir svært mange av desse klatrestiane, men seier vi bør kunne få til 4–5 i fylket.

– Det er viktig at vi ikkje gjer skade på gode klatreruter og gode vandreruter.

Opptil 700.000 kroner

Klatreanlegg som vil etablere via ferrata, vil kunne få dekt ein tredjedel av kostnadane opptil 700.000 kroner frå spelemiddelordninga.

Desse midlane kjem frå overskotet til Norsk Tipping og blir kvart år fordelte ut til anlegg for kultur, idrett og fysisk aktivitet. Eit grunnprinsipp for ordninga er likevel at midlane ikkje skal kunne gjerast til forteneste for private aktørar.

Fleire endringar

Endringane i føresegna omhandlar ikkje berre via feratta, men opnar også for auka tilskot til anleggstypar innan innandørs klatring, nye typar fotballhallar og idrettshallar, samt båthus og brygger for kajakk og turpadling.

– Alt i alt er dette endringar som viser at ordningane endrar seg med trendane i befolkninga, seier Jan Heggheim.

Artikkeltags