Laurdag hadde Norsk Tipping supertrekning. 41 personar vann ein million kroner kvar. Tre av desse var frå Sogn og Fjordane.
To frå Florø
Tippelykka har konsentrert seg om to stader denne helga. Florø og Sogndal.
Søndag morgon melde Norsk Tipping på sine heimesider at to av vinnarane frå Sogn og Fjordane framleis var uvitande om at dei hadde vunne. Like etter fekk dei telefon frå ei kvinne i Florø.
– Eg såg at det var ei kvinne frå Sogn og Fjordane de ikkje hadde fått tak i. Eg hadde telefonen på lydlaus i går. Sein på kvelden sjekka eg, og såg det var Norsk Tipping som hadde ringt, sa kvinna.
Ho sjekka, og fann ut at ho var ein av vinnarane i Supertrekninga.
– Eg har ikkje sove i natt. Det er heilt fantastisk, surrealistisk og tidenes julegåve, seier ho.
Vinnarkupongen hadde ho kjøpt på mobilen.
Ho var heller ikkje den einaste nye millionæren i Florø i går. Ein mann frå same by vann 1,8 millionar i Joker.
Florømann vart Joker-millionær
To frå Sogndal
Supertrekninga viste at to menn frå Sogndal vann ein million kvar. Den eine hadde Norsk Tipping ikkje klart å få kontakt med søndag klokka 14.
Den andre har dei snakka med. Han hadde til og med lagra Norsk Tipping sitt telefonnummer i mobilen sin.
Dermed forstod han fort at noko var på gang då kan blei ringt opp, og skrudde på høgtalaren slik at heile familien kunne høyre millionbeskjeden.
– Eg har lagra nummeret slik at ingen kan tulle med meg, lo mannen.
Trass i at nummeret var lagra på mobilen og heie familien høyrde på beskjeden var det nesten som han ikkje klarte å tru det han høyrde.
Også han hadde levert vinnarspelet på mobil.
Også i fjorårets Superlotto var det ein heldig vinnar frå Songdal.

Er du mannen i Sogn som Norsk Tipping ikkje får tak i?