Viss du lurer på kva parti som har den sterkaste nynorskpolitikken, har Norsk målungdom gjort jobben enkel. Dei har lese gjennom alle partiprogramma og laga eit enkelt smilefjessystem.

– Mange gir terningkast og skriftlege vurderingar, men vi ville lage ei meir lett og morosam vurdering. Målet var å gjere den mest mogleg sjølvforklarande, seier leiar Fredrik Hope i Norsk målungdom.

 

Dumt å ikkje førebygge

I kolonnen for spørsmålet om kor vidt partia vil førebygge at nynorskbrukarar byter over til bokmål, får ingen parti vurdering. Hope meiner det vitnar om at partia har ein jobb å gjere når det kjem til å forme språkpolitikk.

– Partia burde forme meir politikk, spesielt i dei områda der nynorsk møter bokmål. At folk skiftar målform kan bli forhindra, seier han. Hope legg til at både SV og MDG er for å innføre språkdelt ungdomsskule, noko som ifølge han er eit steg i riktig retning.

Alt i alt er han nøgd med årets vurdering, då fleire parti har vedteke meir nynorskpolitikk enn i fjor. Unntaket er vinnaren av vurderinga frå 2013, MDG.

– I år var SV best, dei har skjerpa seg medan MDG dessverre har kutta ned på språkpunkt i programmet.

Tar rukene med ro

Førstekandidat Britt Dalsbotten i Frp Sogn og Fjordane trur ikkje partiet sin språkpolitikk kjem til å påverke partiets valoppslutning.

– Sidemål skal vere valfritt. Vi har ei målsetting om å forenkle Norge, to målformer er ikkje ei forenkling, seier ho.

Dalsbotten understrekar at partiet ikkje vil gjere kål på nynorsken, men at dei vil prioritere andre fag i skulen.

– Nynorsk er ein viktig del av norsk språkhistorie, men det skal ikkje vere eit eige fag og eigen karakter i norsk skule.