Noregs Mållag krev høyring om nye fylkesnamn. Meiner «Vestland» er det verste samanslåingsnamnet

KREV HØYRING: – Det har lenge vore klart at desse namna er svært omdiskuterte, og derfor er dei utan tvil omfatta av kravet om å bli sendt på høyring, seier Magne Aasbrenn, som meiner kompromisset «Vestland» er det verste eksemplet.

KREV HØYRING: – Det har lenge vore klart at desse namna er svært omdiskuterte, og derfor er dei utan tvil omfatta av kravet om å bli sendt på høyring, seier Magne Aasbrenn, som meiner kompromisset «Vestland» er det verste eksemplet. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

SAMFUNN: Leiar i Noregs Mållag, Magne Aasbrenn, krev ein høyringsrunde i forbindelse med dei nye fylkesnamna «Vestland», «Innlandet» og «Viken».

DEL

Han opplyser at Noregs Mållag reagerer sterkt på dei foreslåtte fylkesnamna.

«Vestland» er det verste samanslåingsnamnet

– Det har lenge vore klart at desse namna er svært omdiskuterte, og derfor er dei utan tvil omfatta av kravet om å bli sendt på høyring, seier Aasbrenn, som meiner kompromisset «Vestland» er det verste eksemplet.

Organisasjonen, som hadde landsmøte denne helga, ber også Stortinget om å legge stor vekt på namnefaglege råd.

– Då dagens fylkesnamn blei vedtatt i 1918, var det eit resultat av ei større fagleg utgreiing, ein omfattande høyringsrunde og ein grundig politisk prosess. Det er ei gåte for Noregs Mållag at myndigheitene ikkje har prioritert dette i 2018, seier Aasbrenn i ei pressemelding.

Kritikk frå jurist

I forrige veke sa universitetslektor Jon Christian Fløysvik Nordrum ved Universitetet i Oslo, at endringsforslaga burde gjennom ein høyringsrunde. Han omtalte også regjeringas framgangsmåte som «ikkje juridisk haldbar».

Kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland (H) har forsvart regjeringas val om å ikkje ha noko høyringsrunde og har vist til at det har vore ein langvarig høyringsprosess med fylkestinga og at også Språkrådet er blitt høyrt.

Omfattande samanslåing

Namneendringane kjem etter at Stortinget i fjor vedtok å slå saman 13 fylker til 6. Dei berørte fylkeskommunane er Vest-Agder og Aust-Agder, Buskerud, Akershus og Østfold, Telemark og Vestfold, Hordaland og Sogn og Fjordane, Oppland og Hedmark, Troms og Finnmark.

Regjeringa har foreslått følgande namn for dei seks nye fylka: Agder, Viken, Vestfold og Telemark, Vestland, Innlandet og Troms og Finnmark.

Artikkeltags