«Lovleg» fekk målprisen

FEKK NYNORSKPRIS: Kjersti Wøien Håland som er forfattaren bak «Lovleg» får saman med produsent Hege Hauff Hvattum Noregs Mållag sin målpris for 2019.

FEKK NYNORSKPRIS: Kjersti Wøien Håland som er forfattaren bak «Lovleg» får saman med produsent Hege Hauff Hvattum Noregs Mållag sin målpris for 2019. Foto:

Forfattaren av serien Kjersti Wøien Håland og produsent Hege Hauff Hvattum får i år Noregs Mållag sin målpris.

DEL

Dei er i godt selskap når dei no får heidersprisen Noregs Mållag delar ut kvar år. Tidlegare har Jon Fosse og Linda Eide fått prisen, som går til personar eller institusjonar som har gjort ein ekstra viktig innsats for nynorsken.

Prisen vart delt ut i eit allmøte på Firda vgs. klokka 12 i dag.

«Lovleg»-universet

– Kjersti Wøien Håland har skrive eit utruleg flott manus, og tankane, og skriftspråket derifrå har Hege Hauff Hvattum og staben hennar sørgd for å få med inn i heile produksjonen. «Lovleg»-universet viser nynorsk som eit levande, skriftleg bruksspråk, skriv Hege Lothe i ei pressemelding.

I to sesongar har denne serien med dagleg oppdaterte episodar og oppfølging på sosiale media fått sjåarar over heile landet til å følge med på dei daglege opplevingane til Gunnhild, Luna, Sara, Peter og dei andre i skule- og hybellivet rundt Firda vidaregåande skule.

Forteljarteknisk har vi følgt serien med korte filmavsnitt på nettet og på Instagram, før episodane har gått på TV. Skriftleg tekst spelar ei større rolle i denne serien enn vanleg, og både tekstinga av serien, nettstaden og Instagram er på nynorsk.

Viser at nynorsk er språket for alt

Noregs Mållag viser til at denne serien viser at nynorsk ikkje berre er eit språk som finst i skulebøker. Og at det har vore eit behov å få vist dette fram til det sentrale Austlandet.

– «Lovleg» viser den delen av Norge der nynorsk er språket for alt, seier Lothe, og legg til:

 – Ved sidan av fremjinga av språket har serien også kvalitetar som gjer at han får sjåarar i alle aldrar til sjå verda frå synsvinkelen til 16-18-åringar på vidaregåande skule. Jakta på kjærleiken, leitinga etter kven ein sjølv er, og stort alvor kombinert med mykje humor. Kor vanskeleg det er å kommunisere ekte med andre menneske, ikkje minst med foreldra som ein vil gjere seg fri frå, men samtidig er avhengig av og ikkje vil skuffe.

Vil ha meir

Det har vore to sesongar av «Lovleg», og serien er no ferdig. Men like før påske dukka det opp ein underskriftsaksjon på Facebook for å få i gang fleire sesongar av serien. Og den er ikkje starta på Vestlandet.

– Det er lett å forstå kvifor ein underskriftsaksjon er sett i gang, for serien har fått mange fans gjennom året, også i våre naboland. Han har gjeve oss eit språkleg kjerneressurs, eit godt drama og fine opplevingar. Ein stor takk til Kjersti Wøien Håland og Hege Hauff Hvattum for å ha gjeve oss «Lovleg», skriv Helge Lothe i Noregs Mållag.

I 2018 var det Magni Øvrebotten, leiar for Nynorsk mediesenter i Førde som fekk prisen. Året før var det VG-redaktør Gard Steiro som fekk prisen fordi VG det året opna for å ta inn nynorsk.

Artikkeltags