Havforskingsinstituttet er skeptisk til driftskonsesjon i Engebøfjellet

KRITISKE: Havforskingsinstituttet er svært kritiske til driftskonsesjon for Engebø. Dette bildet er teke ved Dyvika i Førdefjorden. Engebøfjelet ligg like bak.

KRITISKE: Havforskingsinstituttet er svært kritiske til driftskonsesjon for Engebø. Dette bildet er teke ved Dyvika i Førdefjorden. Engebøfjelet ligg like bak. Foto:

Er skeptisk til deponering av knust stein i Førdefjorden. Meiner det ikkje er berekraftig.

DEL

Havforskingsinstituttet (HI) har fleire faglege innvendingar mot deponering av gruveavgang, som knust og malt stein blir omtalt som. Dette skriv dei i ein høyringsuttale til Direktoratet for mineralforvaltning, som dei skriv om på si eiga heimeside.

Det var BT som først skreiv om saka.

Ikkje berekraftig

Konklusjonen frå forskarane er klar. HI vurderar at kunnskapsgrunnlaget som er lagt ved driftsløyvet for utvinning har fleire faglege manglar. Deponering av gruveavgang i Førdefjorden er ikkje berekraftig bruk av fjorden.

– Dette bygger på ei samla vurdering av dei forventa effektane på økosystemet, seier Terje van der Meeren, HI-forskaren som har leia arbeidet med høyringsuttalen.

Fleire innvendingar

HI har fleire innvendingar mo søknaden frå Nordic Rutile AS, som er eit dotterselskap av Nordic Mining.

Her er nokre av dei:

  • Søknaden frå gruveselskapet inneheld inga overbevisande skildring av korleis dei skal hindre at gruveavfallet, som vil bestå av fine partiklar, i å nå kysttorsken sine gyteområde nedanfor landsdeponiet.
  • Det er ikkje avbøtande tiltak for kysttorsken når det gjeld sprengingsaktivitet
  • Det er lagt for lite vekt på hendingar som ekstremvêr og varierande straumforhold i fjorden.
  • Undersjøiske ras frå deponikjegla som vil komme på botnen av fjorden, vil truleg føre med seg steinstøv langt utanfor deponigrensa-
  • Det er fleire raudlista fiskeartar, som til dømes uer og blålange, i det aktuelle området. Ny forsking viser at djupvassartar i fjordane kan vere genetisk ulike frå bestandane ute i havet.
  • Det vil ta mykje lengre tid å få artsmangfaldet tilbake enn dei ti åra som driftssøknaden antydar.
  • Det bør komme på plass eit overvakingsprogram som kan følge med utviklinga til økosystemet i Førdefjorden, før driftsløyve vert vurdert.

Vil du lese heile høyringsuttalen finn du den her.

Artikkeltags