Barton styrkar samarbeidet med Nordic Mining

UTVIDA AVTALE: Ivar S. Fossum, adm.dir. i Nordic Mining, har sikra seg ein betre avtale for sal av granat til amerikanske Barton Group.

UTVIDA AVTALE: Ivar S. Fossum, adm.dir. i Nordic Mining, har sikra seg ein betre avtale for sal av granat til amerikanske Barton Group. Foto:

Det amerikanske selskapet Barton har teikna avtale om å kjøpe endå meir granat frå Engebøfjellet.

DEL

Selskapet Barton Group har blitt einig med Nordic Mining om å utvide avtalen om kjøp av granat frå Engebøfjellet. Frå før gjeld avtalen kjøp av granat til den nordamerikanske marknaden. I den utvida avtalen skal Barton også selje Engebø-granat i Sør- og Sentral-Amerika.

Dette kjem fram av ei børsmelding onsdag kveld.

I børsmeldinga står det også at dei to selskapa er i ferd med å fullføre detaljerte avtalar knytt til handel med granat.

Barton er ein stor produsent og distributør av granat. Ifølge børsmeldinga vil granaten frå Engebø bli selt under Barton sitt merkevare for produkt med høg kvalitet.

Artikkeltags