Det melder NRK Sogn og Fjordane tysdag. Ivar Fossum, adm.dir. i Nordic Mining, stadfestar at selskapet saksøker aksjonistane og dei krev økonomisk erstatning.
Ifølge Fossum har dei ikkje full oversikt over kor mykje aksjonane har kosta selskapet.
– Men det er snakk om betydelege tap på grunn av mykje nedetid i prøveboringa. Det er dyrt å ha leverandørar, og det har kosta mykje å komme på etterskot, seier Fossum til Firda.
Dei er framleis midt i boreprogrammet og ifølge Fossum er det usikkert kor forseinka dei blir.
– Det er ulovlege aksjonar. Vi saksøker kvar enkelt aksjonist som har lenka seg fast. Det er for å dekke inn tapa, seier Fossum.
Han har ikkje oversikt over kor mange søksmål det blir.
– Det er eit stort tal, kommenterer han.
800.000 kroner i bøter
Laurdag avslutta Natur og Ungdom tre veker med aksjonar på Engebøfjellet. Ifølge Ingrid Skjoldvær, leiar i Natur og Ungdom, hadde då 200 personar vore i Vevring i høve aksjonane. Ifølge NRK hadde dei til saman fått med seg 80 bøter på 10.000 kroner kvar.
Les også: – Vi kjem å sakne aksjonistane
15. februar stadfesta Nordic Mining at aksjonistane stoppa prøveboringa i 30 timar førre helg. Den opphavlege tidsramma for boreprosjektet er sett til ut mars månad.
– Med så mykje nedetid, vil de halde tidsramma?
– Det vil eg ikkje spekulere i no, svarte Fossum til Firda 15. februar.
Han ville heller ikkje då seie noko om kva den totale nedetida har kosta selskapet. Fossum var derimot klar på at aksjonistane medførte det han omtalar som «betydelege kostnader».
– At vi må bruke aksjonærane sine pengar på dette, det er uheldig, sa Fossum då.
– Hårreisande
Gaute Eiterjord er ein nestleiar i Natur og Ungdom, og er ein av aksjonistane som har lenka seg på Engebøfjellet. Ifølge han har ikkje aksjonistane fått søksmålet skriftleg enno, men er informert om at det kjem gjennom media.
– Vi synest ærleg tala at det er hårreisande. Alle som har aksjonert har gjort det fordi dei er moralsk overbeviste om at det er naudsynt for å stanse øydelegging av miljøet. Det er ikkje gjort ut frå eiga vinning, seier Eiterjord.
– Dessutan har nesten ingen av oss noko særleg inntekt. Mange eig ikkje nåla i veggen, legg han til.
– Blir du skremt av søksmålet?
– Eg synest det er mest absurd. Eg har aldri høyrt om selskap som har saksøkt aksjonistar før, så eg lurer fælt på kva dei har tenkt, seier han.