Lastebil krasja i autovernet

Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

EID: Føraren av lastebilen er sendt til legesjekk.

DEL

Operasjonssentralen i Vest politidistrikt melde klokka 12.08 om ein lastebil som har køyrt utfor vegen på fv. 15 ved Torvika i Nordfjordeid.

Lastebilen var lasta med tauverk, men hadde ingen farleg last om bord. Hendinga vart meldt klokka 11.59.

Midt i vegen

Lastebilen stod midt i vegen, ifølgje politiet. Det vart ikkje meldt om personskade på førar, og det var ikkje øvrige involverte i ulykka. Føraren var også åleine i lastebilen. Det vart derimot meldt av politiet at det rauk av køyretøyet.

Etter ulykka var det også mogleg for trafikk å passere på staden, melde politiet.

Bilbergar til staden

Klokka 12.28 er bilbergar på staden for å fjerne lastebilen, ifølgje politiet. Klokka 13.10 blir det meldt at vegen er opna att.

Det vart meldt om store skadar på autovernet, men ingen teikn til lekkasje. Ein entreprenør vart også sendt for å sjekke skadene på autovernet.

Medan bilberging vart gjort på staden, vart vegen stengt. Det var derimot omkøyringsmoglegheiter, og det var då manuell dirigering på staden.

Artikkeltags