Femåring kritisk skadd i fallulykke

NORDFJORDEID: Ein fem år gammal gut er kritisk skadd etter ei fallulykke på Nordfjordeid. Lokalt politi har gjort vitneavhøyr og undersøkt åstaden.

DEL

Haukeland sjukehus skriv i ei pressemelding at ulykka skal ha skjedd klokka 18.50 torsdag kveld. Guten blei sendt til Haukeland universitetssjukehus.

Ulykka skal ha skjedd i heimen. Politiet kan ikkje seie noko meir om ulykka på noverande tidspunkt.

– Det er stort sett den informasjonen vi har. Politiet har vore i denne heimen i natt og snakka med dei involverte. Det dreier seg om ei fallulykke. Tilstanden kan eg ikkje seie noko om, seier Per Algerøy, operasjonsleiar ved Vest politidistrikt, fredag morgon.

Til Bergens Tidene seier Algerøy:

– Guten har falle i ei trapp inni huset.

Lensmannen på Eid, Tormod Hvattum, bekreftar torsdag formiddag at ulykka skjedde i heimen. Han seier at politiet kom til staden etter guten vart frakta til sjukehuset.

– Vi tok nokon avhøyr og undersøkte åstaden, opplyser han.

– Korleis går det med guten?

– Det einaste eg veit er at han er kritisk skadd, seier Hvattum.

Det er oppretta ei undersøkingssak.

– Kva skjer vidare i saka?

– Vi kjem til å ta nokre fleire avhøyr og sjå meir på åstaden.


Artikkeltags