Avsluttar søk i elva etter å ha snakka med barna som varsla. Ingen er sakna

Konkluderer med at ingen har falle i elva.

DEL

SISTE: Klokka 23 melder politiet at dei har snakka med barna/ungdommane som melde frå om at ein mann hadde falle i elva på Nordfjordeid.

– Forklaringane er sprikande og til dels endra. Ingen er sakna i området og vi avsluttar søket, melder politiet.

Melde frå til AMK

Då politiet vart varsla var det frå AMK. Dei hadde fått melding om at ein mann skulle ha falle i elva. Det skulle ha skjedd i nærleiken av festivalområdet i Jektevika, der Malakoff går av stabelen kvar sommar.

– Dei som har meldt frå er barn og ungdom. Dei melde frå til helsevesenet, som igjen melde frå til oss. Vi handlar som om det er nokon som har falle i vatnet, sjølv om vi ikkje er heilt sikre på det, sa operasjonsleiar Frode Kolltveit i Vest politidistrikt like etter at aksjonen vart sett i gang.

Sende ut alt mannskap

Han fortalde at HRS hadde sendt redningshelikopter frå Florø, og luftambulansen frå Førde var også sendt til staden.

– Meldinga kom klokka 20.24, seier Kolltveit.

Han seier at brannvesenet også varer på staden med dykkarar og tre båtar.

– Ingen andre har sett noko. Det står også fleire fiskarar langs elva, men dei har heller ikkje gjort observasjonar. Vi handlar som om hendinga er reell så langt, seier Kolltveit.

Usikre

Klokka 21.30 melde politiet at luftambulansen hadde avslutta i området. Mannskap frå Røde Kors på Eid var kalla ut, men det var framleis ingen observasjonar av eventuelle personar som kunne ha falle ut i elva.

– Ingen er meldt sakna. Det er usikkert om dette er reelt, melder politiet.

Artikkeltags