Tilsett slått i ansiktet av kunde på Nordfjordeid

Politiet vart sendt til staden, og forholdet er politimeldt.

DEL

Vest politidistrikt melder måndag ettermiddag at ein patrulje har blitt kalla ut til ein butikk i Nordfjordeid sentrum.

– Ein mannleg tilsett på Elkjøp har blitt slått i ansiktet, seier operasjonsleiar Terje Magnussen til Firda.

Han opplyser om at det ikkje skal ha oppstått skade, men at forholdet er meldt til politiet.

– Ein patrulje har vore på staden og snakka med dei i butikken, seier han.

Vedkommande som skal ha slått til den tilsette er ei jente i slutten av tenåra. Politiet har enno ikkje vore i kontakt med ho.

– Dei har søkt etter ho, men ikkje lykkast med å finne ho, seier Magnussen.

Det skal ikkje ha oppstått skade, men forholdet er meldt til politiet. Kva motivet for at ho skulle slå den tilsette er enno ikkje avklart.

Artikkeltags