Garasjebrann på Nordfjordeid

Artikkelen er over 1 år gammel

EID: Brannen var sløkt ti over halv ti. Politiet skal undersøke brannårsaka.

DEL

Operasjonssentralen i Vest politidistrikt melde tysdag klokka 09.28 om ein garasjebrann på Nordfjordeid.

Ein nabo hadde kontakta lokalt brannvesen om svart røyk frå ein garasje i byggefeltet Gjerdane. Brann og politi rykte ut med ein gong, og halv ti melde brannvesenet at dei og politiet var framme.

Det var opne flammar då brannvesenet kom fram, men brannen fekk aldri spreie seg frå garasjen.

– Klokka 0941 fekk eg melding om at dei har kontroll og at brannen er sløkt. No driv dei med utlufting, seier Espen Rysjedal ved Alarmsentralen i Florø.

Over garasjen er det ei TV-stove. Det er uvisst om denne har fått røykskadar.

– Men det skal ikkje ha vore folk i området, seier Rysjedal.

Årsaka til brannen er ikkje kjent. No blir garasjen lufta ut og politiet vil gjere sine undersøkingar når det blir mogleg.

Artikkeltags